søndag 31. august 2008

Rom i boks


Fekk endeleg rommet eg gjerne ville ha. Kjempeletta for det.


I tillegg har eg kjøpt biografien om Atatürk. Fint å ha på toget til Hellas.

lørdag 30. august 2008

Fantastiske Istanbul

Det fyrste døgnet i Istanbul har vore fantastisk.

Metro inn til byen i går kveld med utallige moskear opplyst av gatelyset. Hostell midt i mellom Aya Sofia og den blå moske, med utsikt til båe (og Bosporos!) frå takterassen.

Då får det berre vere at huseigaren min (Deria) ringte og sa at dei ikkje var sikre på om eg kunne bu der likevel. Grunnen til at eg fekk tilbodet i utgangspunktet, var at ei anna jente ikkje hadde betalt husleiga si. I dag synte det seg at ho hadde betalt likevel (men 2 veker for seint), og då visste dei ikkje om dei kunne kaste ho ut. Likevel inviterte dei meg bort, og eg blei tatt i mot med ein bamseklem av mora til Deria. Ho diska opp med frukost (te, su böregi (vatn-børek, veldig godt), ost og frukt), noko som likna på sviskegraut, kake og tyrkisk kaffi. Deria skal utveksle til Danmark i haust, men studerer eigentleg på mitt fakultet. Ho informerte meg om kva foreleserar og fag som er bra og dårlege. Veldig nyttig. Etterpå blei me sittande og diskutere tyrkisk og europeisk politikk i halvannan time. Følte meg veldig velkommen, og eg kryssar fingre og tær for at eg får bu der likevel. Får svar i morgon.

Etterpå var eg på ei anna visning hjå ei armensk-tyrkisk dame som ikkje kan engelsk, men fransk. Den leiligheita var bitteliten og mykje dyrare, så det blir ikkje så aktuelt. Dama var likevel veldig koseleg, og me gjekk ut på kafe og drakk te og prata.

I morgon reiser eg sannsynlegvis til Hellas med tog. Blei litt krøll med visumet, så må ut av landet for å søke igjen. Konsulatet sa det skal gå bra å fikse på ein dag. Då gjer det eigentleg ikkje så mykje, liker godt å køyre tog og sjå nye stadar.

torsdag 28. august 2008

Oppbruddsstemning

I morgon reiser me frå Mahmutlar. Sigurd reiser til Noreg for å pakke om til Irland, og eg reiser til Istanbul. Det er både trist og spennande på ein gong.
I går fekk eg endeleg husvere i Istanbul. Skal bu i kollektiv 10 min unna Taksim-plassen (retning universitetet) med to tyrkiske jenter. Verkar veldig flott.
Samtidig må eg skryte litt av universitetet mitt. Dei tar veldig godt vare på oss allereie. Ein eigen exchange-commission ordnar og fiksar så me får gjort det me ynskjer medan me er her. Om me vil, møter dei oss på flyplassen og følger oss dit me vil bu. På universitetet skal dei ha tyrkisk prate-gruppe og fotballkamp ein gong i veka. Og i helgene er det ekskursjonar til alle slags sjåverdige 
stadar. Og dei har "meet a buddy"-ordning, så me kan bli kjent med tyrkiske studentar. 

søndag 24. august 2008

Disco i Alanya


Alanya er eit paradis for discofolket. Den delen av sightseeingen hadde eg egentleg tenkt å hoppe glatt over, men i går kom me oss på disco, gitt.

Nevøen til vaktmeistaren vår, Ibrahim, reiser i militæret på måndag, og han inviterte oss med på avskjedsfest. Det innebar minibuss til "Club Havana" med retur 03.00 på natta.
Andre som reiste: 
  •  to vener av Ibrahim
  • ein nederlandsk, snobbete, men danseglad familie på 4
  • eit irsk, veldig triveleg ektepar i 50-åra som syntes disco var ein super ide
  • Sigurd og meg
Altså eit veldig pussig reisefølge. Club Havana viste seg å vere eit 3-etasjars diskotek med sigar-tema. Klubben hadde falske palmer, lettkledde turistjenter, flørtande tyrkiske gutar og to-tre utstillingstrappar, der dei ivrigaste kunne stå og danse og vise seg fram. Frå høgtalarane kom slager etter slager frå Beyonce og Justin Timberlake, ispedd litt techno. 

Irane byrja med ein gong med å spandere øl-rundar og danse smilande, og me hang oss på. Ein halvtime seinare var sjølvhøgtidelegheiten vår vekke og me nytta dei neste timane på å vrikke og danse oss veldig slitne. Føltes som ei tidsreise
attende til festane på ungdomsskulen. Trass dansegleden, var me veldig nøgde når me kunne ta ein taxi heim. 4 timar på disco var liksom nok...

fredag 22. august 2008

Fin tyrkisk ting 1: Dolmuş


Eit stilig fenomen her i Tyrkia er den offentlege transporten. Bussystemet er overraskande bra,
og på alle bussane står det "Halk otobusu" (folkebuss) og "Maşallah" (om Gud vil (les: går dette bra)).

Yndlingsbussane mine er Dolmuşane. Det er små, private bussar som går utan rutetid. Når
bussen er full, køyrer han.  Dette vert òg spegla i namnet, som kjem frå verbet "dolmak", som tyder å fylle. Dolmuş er fortid i "hvis"-form. Dolmuş tyder altså "Det er visst fullt". Fint namn.

Om nokon på vegen vil på, stoppar han. Om nokon på bussen vil av, stoppar han. Ingen faste 
stopp. Fullt demokrati og fin fleksibilitet for passasjerane.

Betalingssystemet er basert på tillit. Skal du langt kostar det 2 lira (8kr). Kort kostar 1 lira (4kr). Tradisjonelt er opplegget sånn at alle passasjerane sett seg på det framste ledige setet. 
Når du skal betale prikkar du personen framfor deg på ryggen og sender pengane dine fram til sjåføren med melding om kor mange passasjerar som skal med. Har du ikkje akkurat, sender
folk vekslepengane attende, sjølv om dei må gjennom 5 ledd. Om folk betaler når dei går av eller på er opp til dei.

Ordninga er altså basert på at folk tek andsvar for seg sjølv. Veldig fint...


torsdag 21. august 2008

Badeidyll i Ücagiz





Sidan sist har eg fått Lina, Daniel og Sigurd på besøk. Det er veldig, veldig stas og me fyller dagane med bading, heimelagd tzatziki, kebab og kortspel. Denne veka har me vore på ekskursjon til Ücagiz, ein bitteliten, kjempesøt fiskarby tre timar 
vest for Antalya. Den ligg like ved ein undersjøisk, lykisk by, som blei øydelagt av eit jordsjelv
for ca. 2500 år sidan. På turen fekk med leie ein båt av ein fiskar og sonen hans og fekk ein
super dag på sjøen med utsikt over mange flotte ruinar (under vatn), tur inn ei grotte, bading og besøk av Kaleköy, ein by utan vegforbindelse som har eit megastort lykisk slott. Her var det ingen masete turisthotell, berre rolege hostellar, så det var ein god pause frå maset i Alanya. 

Sidan sist har eg òg sagt opp læraren min. I fjerde time fann eg ut at han hadde eit ganske rasistisk
grunnsyn, og det var ikkje så triveleg. Så ting har ikkje akkurat gått etter planen. Satsar på at
helgekurs i tyrkisk i Istanbul vil hjelpe meir på språket etter kvart. No ser eg ein del film på tyrkisk, prater med folk og prøver å lese på eiga hand.   

torsdag 7. august 2008

Bingo!

Puh, der var det mykje som ordna seg.

Gjekk innom turistkontoret i Alanya i dag, noko som er det luraste eg har gjort paa lenge. Der visste dei heller ikkje om nokon spraakskule, men dei var utruleg hjelpsomme og ein av dei kunne undervise meg. Han vil kome innom Mahmutlar 3 ettermiddagar i veka for aa gi undervisning i 2,5 time gongen. Han har undervist foer og snakkar godt engelsk. Dei dagane eg ikkje har undervisning er eg velkommen til aa henge paa turistkontoret for aa prate og hoeyre mest mogleg tyrkisk. Altsaa perfekt!

Er saa imponert over mange av dei eg har moett her. Folk er saa utruleg hjelpsomme! Og te tilbyr dei overalt...

Proevde aa kjoepe telefon, men for aa gjere det maa eg ha passnummer. Eg har funne ein modell (til norsk pris) som eg faar henta i morgon naar eg har pengar og passnr.

No blir det feiring med kebab...:)

onsdag 6. august 2008

Telefonlaus, men nögd

Pappa reiste idag. 5 minutt etter at bilen hans hadde dratt til flyplassen skrudde mobilen min seg av. No klarer eg ikkje aa skru han paa igjen. Satsar paa aa kjöpe ein ny imorgon. Den gamle har sunge paa siste verset ei god stund.

Elles er alt bra. Litt rart aa vere her aaleine, men folk ı naermıljöet er veldig pratsomme og interesserte i aa snakke tyrkisk, saa einsam er eg ikkje. Trur tida fram til Daniel og Lina kjem paa laurdag kjem til aa gaa veldig fort.

tirsdag 5. august 2008

Mañana, mañana

Endeleg i Tyrkia. Förebels er dette veldig fint og skremmande likt aa vere paa sydenferie med pappa. Var ınnom spraakskulen ı gaar for aa faa avtalt undervisning. Daa fann eg ut at den einaste tyrkisklaeraren paa Tömer var paa ferıe og skulle vere vekke ut august. Flott! Det har foert til leiting etter alle slags privatlaerarar, utan hell saa langt. Foerebels maa eg rett og slett finne nokre tyrkerar som vil henge mykje med meg og supplere med sjoelvstudıum i leiligheita. Det kan bli ganske fint, sjoelv om grammatıkken nok ıkkje blır saa fınpussa som han ellers hadde vore. Akkurat no er eg berre noegd med aa vere her og tenkjer at problema kan bli fiksa i morgon...

fredag 1. august 2008

Dagen før dagen

er i dag. Heldigvis er pappa der og ventar på meg.