lørdag 29. november 2008

Fin tid


I morges (tiiidleg) reiste mamma heim igjen etter ei helg i Istanbul. Me har hatt det fint! Det var utruleg fint å bli skjemt bort av mamma nokre dagar, med mykje kaffi-drikking, handling (fekk ny vinterkåpe!) og turistting. Ho hadde mellom anna med seg gløgg, så i kveld blir det fyrste sundag i adventsfeiring i heimen. Eit av dagsprosjekta får bli å kjøpe fire lilla lys.

Neste veke er det kurban bayrami (eid), og det vil seie ei veke fri frå skulen. Då reiser folk heim til familiane sine, et god mat og nokre gir einannan gaver. Har lagt merke til at butikkane nyttar mange av dei same symbola for bayram som me gjer til jul (minus nisser og Jesus og sånn), så det er ein del juletre, stjerner, snø og liknande rundt om kring. Det tykkjer eg er fint.

I dag blir det skriving av oppgåve til Politics and society in the Middle East
, lesing og ferdigskriving av ein artikkel til argument. Undervisninga på
universitetet er framleis kjempebra, føler eg lærer utruleg mykje. I førre veke hadde me mellom anna om konflikten i Palestina, 
Hanna Arendt sine teoriar om totalitarisme, tyrkisk utanrikspolitikk 
gjennom historia og om kva syn Theodor Adorno hadde på massekultur.
Til veka skal me halde fram med noko av det same, i tillegg til å byrja å lese om Gramsci og hegemoni + konfliktene i Libanon. Stas!

tirsdag 25. november 2008

Noreg <3


Eg blir patriot av å bu i utlandet. Det har fått nokre uvante utslag.
Til dømes jubla Halldis og eg då Araf, som er verdas beste stad å
danse på, spelte "Beggin" i staden for den tyrkiske/latino-musikken
dei pleier å spele. Denne veka er kronprinsen i landet, og det får 
meg til å sjå ekstra etter i avisene for å sjå om dei skriv noko om 
vitjinga. Heime er ikkje kongestoff den heitaste delen av avisa.
Og då bussjåføren spelte Aha for ei stund sidan, klarte eg ikkje
gjere noko anna enn å smile.

I dag, då eg var ute på lønsj med Katharina og østerrikske Hanna,
då adanakebaben var spist og teen drukke opp, tok Hanna
plutseleg noko opp frå veska si: ein eventyrsjokolade frå Freia!
Ho hadde nemleg bursdag førre veke, og ei norsk, veldig
omtenksom venninne sendte norsk melkesjokolade som gåve.
Hanna delte systerleg, og smaken var minst like god som eg hugsa
han. Kva er sjansen for at noko sånn skal skje? Humøret mitt
var i alle fall redda.

Sist, men ikkje minst, så kjem mamma og pappa på torsdag. Eg
gler meg! Og dei har lova ta med både brunost, julekalender og
gløgg.

Trur det er bra eg skal heim om ikkje så lenge, så patriotismen
kan roe seg litt...

mandag 24. november 2008

Gode på hjul


Ein av dei finaste tinga med Istanbul, og særleg nabolaget mitt, er at gatene er fylte med vogner. Og i vognene har dei alt mogleg eteleg, litt avhengig av sesong. På biletet over ser de Daniel som kjøper melon av ei vogn på eit busstopp då me var på veg til Ücagiz i august.

Dei fleste vognene kring meg har eit generelt fruktutval, og dei er kjempeflinke til å stable klementinar, eple, appelsinar, granateple og druer opp på ein måte sånn at det ser kjempefristande ut. Prisen går på kilo, og på vognene har dei sånne fine, gamle jernvekter (sjå bilete).

Dei siste vekene er det klementinane som har dominert på tilbodsfronten, noko som har ført meg inn i ein klementinmani. Klarer sjeldan å gå forbi ei vogn utan å kjøpe ein kilo (=9kr). Heldigvis er ikkje Sinem eller Nevra leie av å dele, enno.

Nokre gongar har eg òg sett lastebiler fulle av eple, noko som har minna meg på kvifor det er lurt å vaske frukta før me et ho. Mange har òg fylt vognene sine med fisk, og særleg småfisk. Det hoppar eg glatt over, gitt. Det same gjeld for dei sjokkerande mange blåskjell-seljarane.

søndag 23. november 2008

Kulturskilnader?

Denne veka hadde eg eksamen i tysk politisk historie. Etterpå snakka
eg med folk om korleis det hadde gått, og det var ganske interessant
å høyre korleis folk svara.

Heime seier eg aldri at det har gått betre enn "bra", eller "greit, men
eg veit ikkje heilt om eg skjønte oppgåve 3b", utan at eg har tenkt 
særleg over det. Å høyre nokon seie at ein eksamen gjekk kjempebra
er sjeldan kost.

Difor skvatt eg då dei amerikanske og australske kameratane mine 
svarte "It went really well. Think I wrote a pretty good paper, there"
og "Piece of cake, really" på korleis essay-oppgåvene hadde gått. Dei tyrkiske venane eg spurde sa derimot "iyi" (bra) eller 
"söyle, böyle" (så som så), litt på line med korleis eg svarte.

I ettertid klarer eg ikkje å bli samd med meg sjølv om kva som er
best. Svarer eg at det gjekk kjempebra, føler eg at eg har dumma
meg skikkeleg ut om eg får ein dårleg karakter. Svarer eg at det
gjekk greit, har eg liksom rom for alle slags utfall. Men når ein
tenkjer seg om, er det ikkje nødvendigvis det folk spør om.
Ofte har eg ei veldig god eller dårleg kjensle når eg skriv,
litt uavhengig av kva den endelege bokstaven seier, og det må 
jo vere betre å kunne vere ærleg om den kjensla? 
På den andre sida vert eg ofte nervøs når andre seier det har
gått dritbra. Så for den kollektive kjensla er det kanskje best
om folk er sjenerte?

Kva tenkjer de?

fredag 21. november 2008

Hei kor det gaar!

No er eg ferdig med alle midterms og ei stor oppgaave. Endeleg helg!

Trur det i fyrste omgang blir feirings med aa sove litt...:)

torsdag 20. november 2008

Irritasjonsliste


Misforstå meg rett (som det pussige uttrykket heiter), Istanbul er veldig flott.
Men akkurat no, kvelden før eg skal ha ein stor eksamen og kvelden før eg skal
levere ei stor oppgåve eg ikkje er halvvegs med, treng eg å klage litt, nærmare
bestemt om trafikkulturen her:

1. Folk går så sakte! Og dei går aldri i rett line, så eg går alltid inn i minst tre personar på veg til bussen.

2. Kroppsspråket ein nyttar når to personar er på veg til å krasje
må vere annleis enn heime, og eg har enno ikkje knekt koden.
Ser at dei fleste andre sjeldan krasjar, så det må vere eit triks
eg ikkje veit om. Å signalisere retning med auga funkar i alle 
fall dårleg. Så då blir det enno meir skumping, krasjing og 
pinlege augeblikk.

3. Bilane har null respekt for fotgjengarar. Fotgjengarfelt 
har ingen verdi, medan grønt lys fungerer om du ser deg 
godt til alle kanter fyrst.

4. Istanbul er full av motoriserte tohjulingar, og dei køyrer
som om dei ikkje vil leve så veldig lengje- mellom bilar i køen, mot køyreretningen og inn i gågater (eg blir glad
no om ingen seier at det er på grunn av klisjeen om at
folk trur dei kan køyre som om dei vil, fordi Allah
avgjer når dei skal dø, uansett)

5. Den generelle farta til alle motoriserte køyrety er veldig
høg og med små marginar før det går gale.

6. Fortaua kring der eg bur er så smale! Og alltid er det
mange folk, gateseljarar (noko som er veldig fint, skal
lage skryteliste om det seinare), trær og parkerte bilar
i vegen. Så å gå i direkte line er det berre å gi opp, ofte
må ein ut i vegen (der dei motoriserte køyretya rår)
for å kome fram i rimeleg tempo.

7. Etter at det blei litt kjøligare her har eg kjent eksosen
betre enn før. Slepp liksom aldri unna at lufta er urein.
Det er ikkje veldig rart, med tanke på at det er mellom
10 og 15 millionar innbyggjarar i denne byen, men trur 
eg er skapt for mindre forhold. 

onsdag 19. november 2008

Gi din protest!

Tenestedirektivet er noko herk. Skulle veldig, veldig, veldig gjerne vore heime og demonstrert i morgon, men det er ikkje saa lett. Daa er det lettare aa fölgje oppmodinga til Jens og blogge mot i staden.

Lurer du paa kva tenestedirektivet er? Her ligg ei kort forklaring.

3 korte argumnt kjem her. Utdjuping finn du paa denne sida:
1. Tjenestedirektivet er usolidarisk
2. Tjenestedirektivet flyttar makt fraa folkevalte til byraakratar
3. Tjenestedirektivet gir meir sosial dumping

Mange av politikarane paa Stortinget seier dei er usikre paa kva tenestedirektivet vil tyde for arbeidstakarar i Noreg. Naar Arbeidarpartiet likevel vel aa koeyre paa, med 10 mot 9 roeyster i regjeringa, trass to parti som tek dissens, burde kanskje partiet velje aa skifte namn. Det er tydeleg at dei her ikkje har arbeidarane som sin fyrsteprioritet, heller EU-konformitet og nyliberalisme.

Har du hoeve i morgon, demonstrer!

tirsdag 18. november 2008

Glade dagar


Dei siste dagane har vore så fine! Her kjem nokre høgdepunkt:

  •  Få vitjing av Halldis, som har mykje artig å fortelje om Izmir og tyrkisk folkedans
  • Dra til Kadiköy og bli spådd med tarotkort av ei klassisk spåkvinne. Og ho sa at alt kom til å bli bra.
  • Gå på økologisk laurdagsmarknad i bydelen min med Cora og Halldis, fryse i 10 grader (som kjennest som 0), ete varme økologiske pannekaker og kjøpe finfine julegåver
  • Bli varm igjen med sjokoladefondue og kaffi
  • Dra på tyrkisk bad og kjenne at kroppen er stresslaus
  • Dra på sær danseforestilling på ei av undergrunnsscenene i sentrum
  • Avslutte kveldane med vindrikking og lange samtalar
  • Lese Virginia Woolf
  • Og som i går kveld: sjå dokumentaren "Mustafa" om Atatürk med Hallis, Cora, Baris og fleire, gi blaffen i tidleg time dagen etter og drikke øl og diskutere til klokka 4 på natta. 

onsdag 12. november 2008

Einspora

Livet mitt er særdeles lite spennande om dagen, utanom kva
som skjer inne i hovudet (der skjer det derimot mykje).
Professorane dynger oss ned med så enorme mengdar arbeid,
at dei siste skuledagane har vore 12-timars lange (og eg er
framleis laangt bak planen). Det fine er
for det fyrste at tinga me lærar er stort sett veldig spennande.
For det andre er eg ikkje åleine. Når eg har gått heim frå
biblioteket i 21.30-tida har det framleis vore halvfullt, og det 
er nesten alltid nokon å diskutere/klage litt med. Og kantina
er open til 22.30. Til slutt er det umogleg å vere nervøs for 
prøvar og innleveringar, sidan me har fleire i veka. Det er
noko veldig rettferdig med at vurderinga er kontinuerleg
gjennom semesteret, og ikkje berre er basert på ein prøve
til slutt. Men det gjer nok at ein må lese jamnare for å
klare seg greit. Heldigvis er Katharina veldig flink til å dra
meg med på kveldar på byen. Istanbul har mange fine
utestadar, fleire av dei med live tyrkisk (ikkje pop-)musikk.
Det er stas.

Eit anna ljuspunkt er at Halldis kjem frå Izmir i morgon for
å få ei helg i Istanbul. Gler meg til å sjå ho att og få nokre
dagar med turistaktivitetar.


mandag 10. november 2008

Lite rettferd i bakgården

I bakgården min er det eit stort hol, sannsynlegvis etter ei
blokk som har stått der før. Der er det no ein stor byggjeplass,
som har vore der sidan eg flytta inn i september. Ved sidan 
av står det eit lite brakkebygg. Eg hadde ikkje tenkt på kva
som fantes i det lille bygget, før Nevra fortalte for nokre veker
sidan at det er heimen til arbeidarane på byggjeplassen. Eg 
kan ikkje innbille meg at det er plass til meir enn senger og 
eit enkelt kjøken der inne.  Sjølv har eg aldri snakka med 
dei, men i følgje Nevra er dei sannsynlegvis frå aust. Arbeidsløyse 
eller låg løn heime har sendt dei til Istanbul for å jobbe. Desse 
får lågare lønn enn andre arbeidarar og openbart elendige buforhald. 

Arbeidsdagane er heller ikkje 9-4. På dagane er det heilt stille her,
men ofte i 22/23-tida på kvelden høyrer eg ofte at gravemaskinene
byrjar arbeidet sitt. Dei kan òg finne på å byrje i 7-tida på ein sundag
morgon. Min teori er at desse arbeider på fleire stader samtidig, og
at arbeidsdagen difor er mykje lenger enn eg kan sjå frå vindauget mitt.

Å sjå fattigdom på så nært hald er ubehageleg, men eg trur absolutt det 
er viktig. Nyliberalisme tvinger folk over heile jorda til å flytte og arbeide 
under elendige kår for å få kvardagane til å gå rundt. Treng
ikkje sjå lenger enn til Langemyhr-saka heime i Noreg for å få eit døme
på det. 

Synleggjering av eit problem flyttar oss nærmare ei løysing, men det 
garanterer inga god løysing. Ei av professorane mine er prinsippielt 
kritisk til veldedigheit, av di det gir overklassen godt samvit utan å
fjerne årsakene til ulikskapen. Sigurd og eg diskuterte dette 
dilemmaet ein del då han var her. Korleis kan eit enkeltindivid arbeide 
mot fattigdom og den altoppslukande nyliberalismen?

Det klassiske svaret er sjølvsagt politisk organisering for radikal 
endring av systemet. Og eg stiller ikkje spørsmål ved det. Men i eit meir
kortsiktig perspektiv, (før den raude revolusjonen kjem :)), kva skal
kvinna i gata gjere (som i dette tilfellet er meg)? Skal eg gi pengar til
ungane som tigg på vegen til supermarknaden? 

Etisk rådgivnad hadde vore fint...  

lørdag 8. november 2008

Rundvask

I går kveld kom foreldrene til Sinem på vitjing. Dei er veldig søte,
venlege og inkluderande. Kvart måltid inviterer dei meg med. Det gir nokre utfrodringar kring når ein skal takke 
ja og nei, og kva som er høfleg å gjere. Cora seier at det er lurt å tenkje 
på å gjere noko gjestfritt attende i desse samanhengane, og det 
trur eg ho har rett i. Kanskje får eg lage ei eplekake i morgon.
Sist mor til Sinem kom, byrja ho med å rundvaske heile leiligheita.
Og då eg vakna i dag var ho i full gong med det å gjere det same igjen. Veldig hyggeleg, men òg litt kleint. Eg er ikkje glad i vasking,
men merker likevel at det føles veldig feil at andre skal gjere det for meg.
Trur eplekake er løysinga for å få dette til å kjennes bra...

fredag 7. november 2008

Batman i tröbbel


Söraust i Tyrkia finst det ein by som heiter Batman. Mange har nok smilt litt av namnet som byen maa dele med ein av dei mest kjente superheltane i verda. Sjölv har eg fundert litt paa om namnebroren er ein fordel eller ei ulempe for byen.

I dag kom svaret fraa ordförar Hüseyin Kalkan. Han har valt aa saksökje Christopher Nolan, som regisserte den siste Batman-filmen, The Dark Knight.

“The royalty of the name ‘Batman’ belongs to us … There is only one Batman in the world. The American producers used the name of our city without informing us,” i fölge Kalkan.

Vil du lese meir, kan du lese om saka her.

torsdag 6. november 2008

Sjølvransaking

Dei siste dagane har eg tenkt litt på kva eg skriv her på bloggen,
kven som les og kva dei tenkjer om Tyrkia etter å ha lest. Og eg
veit at mitt bilete av Tyrkia er skjeivt og subjektivt, og at mange 
av mine tankar, haldningar og referansar etter å ha vakse opp i
Noreg skin igjennom.Det kjipe med dette er at det er utruleg lett
 å henge seg opp i nokre av dei negative elementa i samfunnet her og dermed skape eit bilete av landet som annleis, 
ikkje-demokratisk og bakstreversk. Det er ikkje det eg ynskjer!

I "politikk og samfunn i Midt-Austen" har me snakka mykje om 
den orientalistiske tradisjonen i både kultur og vitskap. Det er
veldig lett å tenkje på orientalisme som noko 1800-tals forfattarar som Flaubert gjorde, kanskje berre som ein
kulturell reaksjon på koloniseringa. Faktum er at me framleis har ein sterk orientalistisk diskurs kring oss, men at han 
ikkje alltid er like lett å identifisere. Det har gjort meg litt redd for
å bidra til denne tradisjonen sjølv, trass i at det eg ynskjer er
nettopp det motsatte - å bytte ut gamaldagse myter om Midtausten.

Til dømes finst det i Noreg i dag mange myter om islam og muslimsk 
kultur som legg grunnen for at Frp og Hege Storhaug får så mykje
spalteplass som dei no gjer. Og eg trur, på line med mange andre, at
 ein teori som "Clash of civilizations" ikkje har mykje hald, men likevel kan verte ein sjølvoppfyllande profeti, om folk byrjar å tru at det er
sånn verda funkar. 

Poenget mitt er kanskje at de bør vere litt kritiske til kva eg skriv,
og om det vert for mykje om Tyrkia som så veldig rart eller annleis,
vil eg gjerne høyre noko om det. Vil gjerne gi eit skråblikk på
kvardagen her, men då er det underforstått at ting eigentleg er
mykje likt heime. Eit land er alt for mangfaldig til at ein klarer å gi
noko som helst representativt bilete av korleis det er å leve der i
ein blogg. Eg vil gjerne fokusere på dei tinga eg tykkjer er viktige
(eller underhaldande), men då vert det
automatisk veldig mykje som ikkje kjem med. Og om det er noko
spesielt de vil vite meir om, vil eg gjerne høyre noko om det òg...
 

onsdag 5. november 2008

Kvardag igjen


Her er eit bilete av den nydelege vegen som går frå universitetet mitt
til Bebek, som kanskje er Istanbuls svar på Aker Brygge; dyrt og snobbete, men veldig fint å drikke kaffi ved 
vatnkanten der. 

Etter at Sigurd reiste på måndag har kvardagen slått inn for fullt i
gjen. Sidan eg har hatt litt heimlengsel i det siste, er det godt å
kjenne at kvardagen her ikkje er så ille, at eg har blitt kjent
med mange bra folk, at det er deilig at sola varmar, og at det òg er
litt trist at det berre er 6,5 veker til eg kjem heim til jul. Det
kjem til å gå fort.

Bloggen er igjen tilgjengeleg utan juks, styresmaktene oppheva
heldigvis forbodet mot blogspot.com ganske fort. Nokre av
avisene her var veldig kritiske til forbodet, men forklarte det
med uklåre reglar på området. Sånn som systemet er no kan
enkeltpersonar gå til ein domstol og klage på eit bestemt innhald
på ei bestemt nettside. Loven forbyr forskjellige typar innhald
på nettsider, som til dømes pornografi, kriminelt innhald eller 
noko som fornærmar Atatürk eller "tyrkiskheita". I følge 
Todays Zaman er det i blogspot.com-samanhengen vore ein eller anna som har klaga på eit av disse 
tinga, og på grunn av manglande kjennskap til internett, har 
dommarane (som ofte er av den eldre garde) valt å sperre 
heile domenet. 

Argumentet over forklarer kanskje nokre av sperringstilfella, 
men i realiteten har fleire og fleire sider blitt sperra dei siste 
åra, og mange av dei utan noka juridisk forklaring. Det 
tydelegastedømet er her youtube. 

Eg skjønner heilt ærleg ikkje kva interesse den tyrkiske staten 
vil ha av ei slik sperre, mellom anna på grunn av veldig kritiske 
internasjonale reaksjonar. Sidan det uansett fins måtar ein kan 
gå inn på desse sperra sidene på, fungerer forbodet berre som 
symbol.  

Forresten skreiv eg ein tekst i byrjinga av september om kor
vanskeleg det er for tyrkiske studentar å kome inn på
universitetet i Tyrkia til Blindern-bladet Argument. Dei som er
interesserte, kan finne siste nummer av bladet her.

mandag 3. november 2008



I helga dro me til Büyükada, ei av fleire bilfrie øyer 1,5 time med ferje frå Istanbul. Kjensla av
å vere ein bilfri stad etter nokre månader i denne byen er ubeskriveleg god...
Me køyrte hestedrosje kring øya (i skog!!!), drakk kaffi, såg på Istanbul skyline i det fjerne, åt vaffel med sjokolade og nøtter og fann ein bitteliten pub (med eitt bord) der verten introduserte
oss for kul, tyrkisk rock. 
Vergudane var dessutan snille og gav oss t-skjortever heile veka. 



På toppen: utsikt frå toppen av eit av universitetsbyggja mine, dagen før republikken Tyrkia feira 85-årsdag. Republikken er glad i flagg....
Midten: Frå ferja på vei til den asiatiske sida av byen.
Nederst: Mitt lekre, som alltid litt rotete rom

Sigurd!




Sigurd reiste heim i natt, etter ei superduperfin veke. Han hadde med seg kamera, og det gav meg høve til å leggje ut nokre bilete frå Istanbul. Over er fyrst eit bilete av meg framfor Hagia Sofia. Så kjem eit litt mørkt bilete frå ein marknad i Kadiköy, på den asiatiske sida av byen. Under er Sigurd og den blå moske.