lørdag 25. oktober 2008

Sensur og lat laurdag

Ein eller annan domstol i Diyarbakir valte i går å sensurere alle nettsider som ender på blogspot.com, utan å gi noka forklaring. Samtidig har youtube vore sensurert sidan i vår, på grunn av ein video som framstiller Atatürk som homofil. Dette er tydelege teikn på at ytringsfridomen framleis har ein god veg å gå her i landet. Har ikkje fått sjekka korleis reaksjonane har vore i media og hjå politikarane, men lover oppdatering.
Heldigvis finst det nokre snarvegar. Katharina viste meg i går nettsida vtunnel.com, som gjer det mogleg å gå inn på blokkerte nettsider anonymt. Så i dag kunne eg sjå youtubefilmar for fyrste gong på lenge...
Elles er eg litt forkjøla, har drukke mykje te og kaffi og sit og ser på regnet utanfor. Sigurd kjem om to dagar, så no prøver eg å gjere unna mest mogleg arbeid før ei lesefri veke. Det blir superduperfint.
I går såg Katharina og eg den danske filmen "Dark horse - voksne mennesker". Ho hadde kjøpt filmen på grunn av den fine framsida. Filmen var surrealistisk, fylt med vakre bilete og handlinga like fin som biletet utanpå. Spring og sjå!

onsdag 22. oktober 2008

Alternativt

På bussen på veg heim frå universitetet i dag, skjedde noko snålt.
Som vanleg er i 5-tida, stod bussen bom stille i kø. Eg går ofte på på fyrste busstopp, og sittande gjer det som 
regel ikkje noko å bruke litt
lengre tid heim enn vanleg. Men dei som går på to-tre stopp etter
meg må ofte stå i halvannan time
før dei er heime (utan kø tar turen 20 min). Om ein heng seg opp
i dette, er det lett å bruke mykje irritasjon på trafikken i Istanbul.

I dag synte bussjåføren at han tydelegvis var lei av å stå i kø.
Plutseleg ropte han "me kjører motorveien", og møtte halvvegs jubel/halvvegs stønning frå passasjerane. Halvparten hoppa av på neste
stopp. Bussen kjørte ikkje inn den vanlege vegen, men tok i staden
av mot motorvegen og dundra avgårde i ti minutt utan å stoppe.
Når han tok av frå motorvegen igjen, var me plutseleg framme ved
mitt stopp. Det gjekk relativt fort, men var på kostnad av minst 
fem busstopp som sikkert hadde passasjerar som 
stod og venta....

tirsdag 21. oktober 2008

Dyreliv


Universitetet mitt steller godt med dyra på området. Utanfor klasserommet der eg plar lese ligg det alltid tre-fire hundar og kosar seg i solsteika. Dei er alle lause, merka og veldig fine i pelsen. Dette muntrar meg vanlegvis opp, sidan laushundar (eller dingoar, som Sigurd seier) minnar meg veldig om turen til Latin-Amerika, og det er fint å sjå at dei kosar seg.
Medan hundane stort sett berre ligg der og er slappe, er kattene kongene på området.
Dei er på konstant jakt etter noko å ete på, trass i at dei tilsette plar setje ut mat i
trappene i nokre av universitetsbyggja. Matjakta deira fekk eg føle på kroppen i dag,
då eg valte å nyte lønsjen på grasplena saman med nokre av mine amerikanske medstudentar. Amerikanane hadde nettopp
vist meg ein stad eg kunne kjøpe ein stor porsjon med kyllingwok med nudlar utan å bli blakk, og eg kasta meg over maten, sidan det var fyrste gong på lenge eg fann noko mat med
østlegare opphav enn Tyrkia. Etter ei lita stund vart me omringa av katter frå alle kanter.
Til slutt låg det fire katter kring sirkelen me satt i, med fleire som krinsa i nærleiken.
Dei byrja bli litt vel innpåslitne, og ei av dei sette seg to cm unna meg og såg beundrande på dei gode 
nudlene mine. Me haldt praten gåande, og eg var midt i ein setning 
då den nærmaste katta hoppa opp og slo maten ut av hendene mine 
med poten. Det var den lønsjen!
Dei andre kattene kom springande for å nyte godene, men sjefskatta 
berre freste, klorte og slo så ho fekk nyte heile den deilige lønsjen 
min i fred. Veit ikkje om eg kjem til å vere så venleg innstilt til 
kattene etter dette...   


søndag 19. oktober 2008

Politisk baluba

Det skjer mykje i tyrkisk politikk om dagen. Tyrkia slo Island ned 
i støvlene i går (dobbelt så mange røyster) og vart valt inn i 
Tryggingsrådet til FN.

På heimefronten er ikkje ting så lystige. Mediene generelt i landet 
er alle eigd av nokon med makt anten høgt i politikken eller 
hæren, alternativt nokon i næringslivet som samarbeider tett med 
ein av dei to fyrste. I fjor valte ei gruppe journalistar å gå ut frå
venstresideavisa Radikal av di dei ikkje fekk skrive kva dei ynskja.
Desse starta ei ny avis, Taraf (= side), som har fått ord på seg for å
vere det einaste frie medieorganet i landet. For nestan to veker sidan utførte PKK eit terroråtak aust
 i Tyrkia og drepte 17 soldatar. Onsdag valte Taraf, som einaste 
avis, å trykke foto, tatt av tyrkisk militærvesen, som syner PKK 
som førebur dette åtaket. Om fotoa er sanne, viser det at hæren
visste om åtaket på førehand og valte å ikkje gjere noko med det
(populær konspirasjon: for å få meir stønad i folket til
anti-terrorarbeid (!) og til militæret generelt). Dagen etter innkalla
ein av generalane i landet, Basbug, til pressekonferanse, der han
skjelte ut Taraf og tyrkisk media generelt. Dei fekk klar melding om
å passe seg. Eg snakka med ein tysk utvekslingsstudent den kvelden,
som driv ein del frilansarbeid til tysk media. Han hadde
vore på Tarafkontoret den dagen, der alle journalistane satt og venta
på at hæren skulle kome og stenge avisa. 
Taraf eksisterer framleis, men dei siste dagane har det vore heftig
ordkrig i media. Det positive er at dei andre mediene faktisk har
tatt sida til Taraf. Det negative er at statsminister Erdogan har tatt
sida til militæret.

To andre interessante notisar frå avisa i går:
  • Opposisjonsleiar for "Ungpartiet (GP)", Cem Uzan, blei for ei stund sida dømt for fornærming av statsminister Erdogan. Straff: les fem bøker om sinnehandtering og sjølvutvikling. Uzan anka og straffen vart redusert til to bøker.
  • Ankedomstolen har høve til å uttale seg i høyringsrundar om relevante saker. I går kom dei med framlegg om reduksjon i straff for voldtekt om offeret giftar seg med gjerningsmannen etterpå. I tillegg vil dei redusere straffa for voldtekt generelt, med forklaringa om at voldtektsofferet lid om gjerningsmannen blir sett i fengsel. Eg veit ikkje kva planet rettsvesenet i landet her kjem i frå, men dei er skikkeleg provoserande!

lørdag 18. oktober 2008

Draum om heimlengsel

Dei siste dagane har eg lengta meir heim enn før, særleg etter det å ha Sigurd, familie og gode vener kring seg som ein kvardag. Eg trur det kan vere årsaka til draumen eg hadde i natt:

Mamma og pappa kom på overraskande vitjing, og med seg hadde dei bestemor og tante Inger frå Leksvika. Eg var veldig flau, fordi eg ikkje hadde rydda rommet, men blei likevel veldig glad for å sjå dei. Me drog på hurtigomvisning til mange av dei fine stadene i byen (pussig nok ingen trafikkproblem i Istanbul i draumen), før me drog attende til der eg bur. Der opna eg kjøleskapsdøra og finn heile kjøleskapet fylt med brunost.

Om nokon kan draumetyding, er det berre å ta kontakt....

onsdag 15. oktober 2008

Sosialisme om natta


(Eg tar sjølvkritikk for at eg skriv mykje om universitetslivet og
lesing her på bloggen, skal prøve å bli flinkare til å skrive om andre
ting. Men nattas lesing har gjort meg så glad, at eg berre må skrive litt om det.)

I kveld har eg fullført Nancy Fracers artikkel "From Redistribution to Recognition?
Dilemmas of Justice in "Postsocialist" Age" frå 1997, ein av tekstane i faget
 "politics of identity".  Etter lange utredningar og fine skjema kjem ho med
ein fantastisk bra konklusjon: Det er størst sannsyn for å oppnå reell
rettferd for grupper som i dag er undertrykte under eit sosialistisk samfunn. 
 
Eg skal ikkje hevde at dette var ny kunnskap (heia SU!), men kult å lære om det på
universitetet.


tirsdag 14. oktober 2008

Pussig tyrkisk ting 2 - Tavuk göğüsü og andre dessertar


Tyrkia er eit land der mange har sansen for søte ting. I førre månad 
feira muslimane her ramazan (ramadan på norsk), og då kunne ikkje 
tilbodet på søtsakfronten noka ende ta. Mange som har vore på 
charterferie i Tyrkia har kanskje prøvd "Turkish delight" - det 
smakar som ein form for marshmellows med nøter/mandler/andre ting i. Eg har imidlertid ikkje sett det ein einaste gong her i 
Istanbul, så eg trur sjansen for at det er eit turistfenomen, på line 
med eplete (få eg har snakka med vil bli sett med det "skvipet"(
ikkje mine ord) i tekoppen), er nok stor. I heimen min går det 
derimot veldig mykje i baklava - ei sukker-og smørbombe av 
ei konfektkake som fort tar knekken på alt søtsug ein kunne ha.

Eit anna fenomen er puddingtilbodet her i landet. Dessertkarta 
flommar over av puddingar, særleg av dei som er basert på melk. 
Inntil laurdag hadde eg prøvd tre forskjellige typar av desse 
melkepuddingane, der den mest kjente går under namnet 
"Sütlac". Det var førebels ingen stor suksess, og eg 
måtte konstatere at både mammas riskrem (gler meg til jul!) 
og Tines rislunsj slår tyrkiske puddingmakarar ned i støvlane. 
Men på laurdag tok Sinem og Nevra meg med på konditori, og 
eg prøvde desserten "Tavuk göğüsü" - kyllingbryst. Det såg ut som 
ein ekstra fast melkepudding med kanel på (sjå bilete). Konstistensen var seig, og puddingen hadde ein 
del pussige, kvite trådar som gjorde han litt vanskeleg å spise. 
Smaken var imidlertid kanongod, og var særs nøgd med å ha funne 
meg ein ny, tyrkisk favorittdessert.

På måndag fortalte eg Cora om denne positive matopplevinga, og eg 
spurde om ho nokon gong har smakt Tavuk göğüsü. "Nei, eg er 
vegeterianar", sa ho. Det viser seg nemleg at desse merkelege, kvite 
trådane faktisk er kyllingbryst. På ein eller annan måte klarer
puddingmakarane å infiltrere delar av kyllingbrystet i puddingen 
utan at det verken synst eller smakast. Ganske ekkelt er det likevel, 
og eg er usikker på om eg kjem til å klare å ete den nye yndlingsdesserten 
min igjen...     

søndag 12. oktober 2008

Nedtur

Fjellturen var full, viste det seg, så i dag blei det innedag. Det vil seie 100 deilige sider med Bourdieu som må lesast til i morgon, tekoppen og meg. Det kunne vore fint, det, om eg berre skjønte kva Bourdieu meiner. Men med setningar som dette, føler eg at dagen ser ganske meiningslaus ut:

" But Raymond Ruyer (ikkje høyrt om han før) very discerningly contrasts the significance, which he defines as "epicritic", and the expressivity, which he describes as "protopathic, that is to say more primitive, more blurred, of the lower level, linked with the diencephalon, whereas the signification is linked with the cerebral cortex"."

Den nye, fine ordboka mi forklarer ikkje halvparten av orda eg ikkje forstår, heller...




torsdag 9. oktober 2008

Kultur!


No er eg eg klar for ei skikkeleg kulturhelg. Universitetet mitt har eit fantastisk
filmsenter på campus, som er litt som Cinemateket, berre gratis og betre. Kvar
kveld er det gratis filmvisning i kinosalen, og for eit depositum kan ein låne med
seg filmar heim. Senteret har 6000 titlar, og veldig mange av dei er internasjonale
klassikarar. Visste ikkje kor eg skulle byrje, så då blei
det ein regissør på A, Fatih Akin, og hans dokumentar "Crossing the bridge" om
musikk i Istanbul.

I morgon kjem det norske bandet "Helldorado" til Bogazici. Dei er frå Stavanger, og er så vidt eg veit ukjente i Noreg, men 
kjempestore i Tyrkia. Dei fleste songane deira har blitt omsatt til
tyrkisk, og greier.
Laurdag skal Nevra og eg på Salvador Dali-utstilling. Og sundag blir
det tur med
fjellgruppa til Erikli-vatnfalla, som de kan sjå på biletet. Alle desse er gode grunnar til ikkje å ta det så tungt om eg 
ikkje kjem meg 
gjennom alle dei 300 sidene eg burde kome meg i gjennom i løpet 
av helga...

tirsdag 7. oktober 2008

Susar i hovudet



Etter ein lang skuledag, må eg konstatere at universitetslivet
her er ganske annleis frå heime. Sidan eg er i ta notat-modus,
kjem nokre stikkord:

Pensum: veldig tungt, mykje klassikarar, men dødsspennande.
Alle professorane refererer til politisk teori og sosiologiske 
klassikarar (som eg er blank på) i hytt og pine, men dei knyt det
ofte opp mot aktuelle saker. Lærerikt! Akkurat no er likevel 
hovudet mitt ei stor suppe.

Skuledagen: lite lesesal, mykje god klasseromsundervisning og
tedrikking i mellom. Me har eit bibliotek, men det ser ut som
ein ombygd fabrikk og er generelt ganske trist å lese i. Professorane
er ganske glade i lekseprøver her, så lesedisiplinen heime har
skutt i vêret samanlikna med heime.

Vener: i dag nådde eg målet mitt med å ha nokon å sitje
ved sidan av i kvart fag. Det er stas. Dei internasjonale 
studentane er stort sett veldig kontaktsøkande, medan dei tyrkiske allereie har gått der i tre år og kjenner ein
annan godt. Har imidlertid fått fire tyrkiske gutevenar som er 
veldig greie. Dei er politisk ganske langt ute til venstre, og 
hardbarka EU-forkjemparar. Diskuterte EU med dei i over
ein time i går, og fann ut at fleire av perspektiva mine (folkestyre,
marknadsliberalisme, arbeidarrettar) vert ganske forskjellige 
frå deira side. Er vanskeleg å seie kva eg meiner om Tyrkia og 
EU, sjølv om eg generelt er veldig EU-negativ. Om nokon har 
nokre lesetips eller innspel på saka, sei i frå! 

Kveldane: ingen møte, lite trening (fyrste gong i går på veeeldig lenge), ein del tedrikking med Einar og Cora og mykje lesing. Er
veldig glad i Sinem og Nevra, som eg bur med. Nevra kom i dag
med "sucuk", ei spesiell tyrkisk pølse. Eg hadde ikkje smakt sucuk
før, då me snakka om mat for nokre vekar sidan, så ho fekk
onkelen sin, som er slaktar, til å lage ei pølse åt meg.
Utruleg snilt (og godt)!


søndag 5. oktober 2008

Istanbul igjen






Irland var regnvått, men veldig, veldig bra. Sidan eg ikkje har kamera i Istanbul, kan eg
heller by på bilete frå Dublin og Tralee....