torsdag 25. september 2008

Til Irland


I morgon tidleg reiser eg til Irland for å vitje fine-Sigurd. Kjem attende neste torsdag. Om det blir noka bloggskriving, blir det kanskje her.

onsdag 24. september 2008

Meir om slør

Eg har no funne ut litt meir om situasjonen om slør på universitetet mitt.
Bogazici har alltid latt folk gå med slør på universitetet, sjølv om lova forbyr det, og uansett kven som har hatt makta i landet. Hæren gjennomførte 
eit såkalla "postmoderne kupp" i 1997 for å skydde dei sekulære verdiane 
i landet, og sjølv då lot universitetsleiinga jenter med slør gå der. 

Det som har skjedd no, er at Bogazici har fått ny rektor. Han ynskja
tydelegvis å markere seg i spørsmålet, og har no lagd eit skjema alle
jenter med slør må skrive under på når dei kjem om morgonen. Der
må dei skrive at dei veit at dei er juridisk andsvarlege for å gå inn på
eit universitet med slør på hovudet. I følge folk eg har snakka med og
media, kan dette vere ei "juridisk felle", som kan gi grunnlag
for straff av desse studentane seinare. Dei fleste har difor nekta å
underskrive på eit slikt papir.

Saka har vore mykje i media, og om de har lyst til å lese meir, har
engelskspråklege "Todays Zaman" i dag lagd ein artikkel og
ein kommentar.

Alle eg har snakka med tykkjer det er veldig trist og
diskriminerande. Professorane er skuffa og sjokkerte, og både
muslimske miljø og venstresidemiljø på universitetet har hengt
opp mange plakatar mot haldninga til rektor. Eg såg fleire 
jenter med slør i dag, og alle hadde på seg hatt eller hette over sløret. 
I følge Einar var dette for å ha høve til å dekke til hovudet om dei
blei tvunge til å ta sløret av seg.

Det spesielle her er at Tyrkia har eit litt anna ordskifte om slør
enn me har heime. Etter Atatürk har sekularismeprinsippet (for nokre)
blitt eit slags symbol på modernitet og vestleggjering, og slør (for nokre)
eit symbol på vending mot aust. 

Regjeringspartiet i Tyrkia, AKP, er eit relativt moderat muslimsk parti, i følge vestleg media, og i følge dei eg har høyrt om som har 
forska på saka. Mange av dei eg har snakka med her, og særleg kring
Alanya, hevdar derimot at dei frykta at AKP ville gjere Tyrkia til "eit nytt Iran". Difor er det problematisk for mange, særleg hæren (som er 
dei som skyddar sekularismen og grunnlova), at kona til statsministeren
har slør. Og då trur eg sekulariseringsprinsippet, og det å halde på forbod 
mot slør mange stader, vert ekstra viktig for mange. 

Politikk er veldig komplisert her. Eg skjønner ikkje korleis det kan vere 
"moderne" å stenge folk ute ut i frå kva klede dei nyttar, men eg trur heller 
ikkje eg har føresetnader for å forstå alle aspekta ved saka og symbolikken
bruk av slør har her.     

tirsdag 23. september 2008

Etablert?


I dag fekk eg Tyrkias svar på Trumf-kortet, nemleg Kim-kortet. Får no 8 prosent avslag på alle varer. 

mandag 22. september 2008

Slør på universitet

I dag hadde eg fyrste time - politisk sosiologi. Verkar kjempespennande, og professoren
var veldig dyktig. På veg til timen måtte eg gjennom hovudinngangen til universitetet.
Der er det tryggingsvakter som vanlegvis ikkje sjekkar noko som helst, men i dag var
politiet der og stogga alle jentene med slør som prøvde å gå inn. Tyrkia forbyr med
lov at kvinner med slør kan gå på universitetet, jobbe i staten og bli valt til parlamentet. Universitetet mitt er veldig liberalt og nektar å følge opp lova på eiga hand, men stoggar
ikkje politiet om dei kjem. Og i dag kom dei. Så på utsida av universitetet stod det 40-50 jenter med slør og kom seg ikkje inn til timane sine.

Professoren min var veldig provosert over dette, og ho sa at timane ville bli flytta ut av 
universitetsområdet og til ein kafe om ikkje politiet lot dei kome inn, sånn at dei kan få utdanning sjølv om dei har slør. Det tykkjer eg var ganske tøft.

Då eg var på veg heim i ettermiddag, hadde tydelegvis politiet gitt seg (nokre
trudde det var fordi pressa hadde dratt) og jentene kom inn. Det førte til eit
spontant opptog av studentar og applaus på heile universitetsområdet. Spesielt å 
vere med på. 

 


søndag 21. september 2008

Haustlukke, augeinfeksjon og litt for mykje gin tonic


Endeleg har hausten og regnet kome. Temperaturen sank
plutseleg med ti gradar denne veka, noko som gjorde alt
mykje betre. No gir det meining å sitje inne på ein kafe med
ein varm kopp kaffi. Har kjøpt fleire typar te og  funne meg 
eit flott par raude støvler som eg skal bruke for å sleppe å bli 
blaut på beina. Oppdaga i kveld ein ny, fin song av Bob Dylan
(It`s all right Ma (I`m only bleeding)). Manglar berre regnjakke 
før lukka blir komplett. 

Denne veka har eg òg fått augeinfeksjon. Det var ikkje så veldig
stas. Då var det fint å ha ein medisinstudent på vitjing, Cathrine,
som var viljug til å stå opp 06.30 om morgonen for å følgje
meg til legen når klaginga mi vart for slitsam. Legen skreiv ut 
antibiotika, og det ser ut til å funke.

Fredag kom Marianne, som er trainee på ambassaden i Ankara,
på helgevitjing. Ho hadde med seg mange gode planar, og me gjekk 
til billeg-frisør (eg fekk Abba-frisyre for kvelden, pussig, men no
er håret mitt altså skulderlangt), åt fantastisk sjokoladekake og 
sprakk vekesbudsjettet så det song på "Litera", ein 
takterasserestaurant med utsikt over heile byen. Stemninga var 
ubeskriveleg, med unge, oppynta Istanbullu-ar som song tyrkiske
folkesongar av all sin hals. Me hadde ikkje lyst til å gå, noko som
førte til mange gin tonic og mykje dans. Det førte òg til at eg måtte
spy, og sluten på kvelden var ikkje like fin som byrjinga.

I morgon byrjar skulen, og eg klør etter å få igong ein kvardag.
Pensumet verkar dødsspennande, og eg vil gjerne bli klokare.

Dei siste dagane har eg òg fått nokre spennande invitasjonar. Om 
ho finn fleire billettar,har Marianne invitert Einar og meg på 
Oktoberfest på den tyske ambassaden i Ankara. Og Yngve frå Inter har invitert meg Beirut. Billettane her i frå er 
mykje billigare enn frå Noreg, og kor ofte vert ein invitert til Libanon? 
Grensene går ved tid og studielån, og etter gårsdagens heftige
budsjettsprekk, må eg vente litt før eg tek eit val kring dette.




 

tirsdag 16. september 2008

Sidan sist

Har eg faatt vitjing av Cathrine. Einar og Cora bur i same nabolag som oss, saa dei siste dagane har det föltes litt som aa vere paa eit nytt norsk universitet med norske vener. Mykje kaffidrikking og mykje turistaktivitetar. Manglar ikkje paa ting aa sjaa i denne byen.
Komplikasjonane ved aa registrere seg som student her tilseier derimot at me ikkje er i Noreg. Medan eg paa Blindern har kjeda meg gjennom mange infomoete som gir info med teskjei, er problemet her at ein maa finne ut av ting sjoelv. Og for aa faa plass paa mange av emna maa ein anten snakke med forelesaren og overbevise ho/han om at du er interessert eller sende eit tiggarbrev. Slitsamt naar ein skal ta seks fag paa 5 studiepoeng kvar.
No har eg faatt midlertidig godkjent tre, ventar paa svar paa resten. Til slutt er det ein ny professor som maa godkjenne samansetninga. Styr!
Men om ting gaar i boks (kryssar fingre og taer), vil eg ta desse faga i haust:
  • Politics and society in the Middle East
  • Politics of identity
  • Political sociology
  • Culture and identity in the European Union
  • Peace and conflict
  • Politics and culture
Spennande, altsaa!

torsdag 11. september 2008

Universitetslivet




No byrjar eg få eit inntrykk av universitetslivet her. Har vore tre
turar oppe på universitetet, som er superduperfint. Området er i
ein bratt bakke ned mot Bosporosstredet. Bygningane er i "gamaldags,
amerikansk universitetsstil", omkransa av store grøntområde og høge
tre. I kvart einaste hjørne og i kvart einaste bygg er det katter, som
framstår veldig lukkelege i dei fine omgivnadene. Ulempa er at nokre
av bygga har ein eim av kattetiss, mens det fine er at dei sett ut mat
til dei i alle etasjar og tar godt vare på dei.

Universitetsområdet er ikkje så veldig strukturert, så ein må snirkle seg
gjennom stiar og opp og ned trappar for å finne fram dit ein skal. Ganske
sjarmerande, men litt stressande då Einar og eg måtte springe om kring
for å finne ut kor engelsktesten vår var 10.30 i dag. Etter ein prøve på
20 minutt fekk me eit fint ark som seier at me kan engelsk. Stas.

I tillegg oppdaga me ein espressobar i eit hol i veggjen bak ei trapp. Veldig
bra at dei har skikkeleg kaffi (ikkje vonde nescafe), og kult at han kjem
frå eit hol i veggjen.

Elles byrjar eg bli temmeleg lei av å vere varm heile tida. Kan høyres sytete
ut, men etter 1,5 månad i dette kokande landet lengtar eg attende til regn,
haust, kulde og slaps. Trur kanskje hausten er yndlingsårstida mi. Få ting
er finare enn å sitje på Blindern og lese ein mørk haustmorgon, nippe til ein
kaffi frå Niels og høyre regnet dryppe på taket. Men no er eg her, og det
er absolutt ikkje så ille det heller.

tirsdag 9. september 2008

Selskap


I dag kom Cora og Einar (frå tyrkiskklassen min) til byen. Det er fint. Og på fredag
kjem Cathrine for å feriere ei veke her. Då skal me vere turistar saman. Eg vil mellom anna gå på den kjente krydderbasaren, som eg ikkje har vore på enno. Registreringa på universitetet
byrjar i morgon, men undervisninga byrjar ikkje før måndag 22. september. Mykje sosialiseringstid, med andre ord.

mandag 8. september 2008

Politikk og sånn


For ein som liker politikk, er Tyrkia eit veldig spennande land å vere i om dagen.
Nokre døme:

I august var det ein rettsak som kunne ende med at regjeringspartiet AKP vart
nedlagt. Årsak: brot på sekuleringsprinsippet i den tyrkiske grunlova, sidan AKP
er eit muslimsk parti (nokre samanliknar det med KrF i Noreg). AKP fekk fortsetje
i regjering, men fekk ei klekkeleg bot.

Tyrkia grensar til Georgia, er med i NATO, har eit godt venskap med USA og har Russland som viktigaste energileverandør og største handelspartner. 
Har eit godt 
forhald til Israel, men òg til Iran. Interessekonflikter? Ja...

Stoda på Kypros. Etter mange, mange år med konflikt, har dei no byrja
sameiningssamtalar. Ankara er ei sentral brikke i dette spelet. Eg er midt i ei
bok om konflikta for tida. Spennande!

Den framleis veldig sentrale rolla til Atatürk. Han vert sitert i avisa heile tida, og er avbileta overalt! Eg var på ein IKEA-aktig butikk for å kjøpe plakatar for å henge på veggjane heime. 
Halvparten av plakatane var av han. Er midt i biografien om han òg. Handlar
førebels veldig mykje om militærstrategi under 1. verdskrig, men eg trur boka
tek seg opp snart.

Klisjeen om aust som møter vest. Sekulariseringsprinsippet, spørsmålet om skaut og fleire liknande konflikter.

søndag 7. september 2008

Kulturmangfald


Dette innlegget skulle eigentleg handle om at nabolaget mitt er ganske kommersialisert. Med unnatak av fleire gravplassar, som er veldig fine, er området prega av trafikk og store kjøpesenter. For 2 dagar sidan var eg ute og gikk, då eg plutseleg sto framfor Europas tredje største kjøpesenter - 2 minutt bortenfor metrostasjonen min. Senteret var så grotesk stort at det hadde åtte etasjar, med ein eigen berg og dalbane inni dei 4-5 nedarste etasjane, ein eigen "spaceshot", bowling, 13 kinosalar, 2 etasjar med restaurantar og alle dei internasjonale butikkjedane eg veit om (helst i fleire utgåvar inne i senteret). Sjølv om det kan vere praktisk å ha alle butikkar ein treng i nærleiken, var det kanskje ikkje det eg drøymte om då eg ville til Tyrkia.

Men i dag, på veg til metrostasjonen, oppdaga eg plutseleg at nabogata mi hadde forvandla seg til ein enorm sundagsmarknad. Med alle slags frukt, grønnsaker (dei største tomatane eg har sett nokon gong), klede, krydder, kjøkenutstyr, fersk (?) fisk og veldig mange lokale tyrkarar spredt over 15 kvartal, vart området plutseleg veldig interessant. 

Og på kjøkenet heime foregår det kulturutveksling på høgt nivå. For to dagar sidan lagde Enver, ei av dei eg bur med, ein form for tyrkisk bønnestuing med tyrkisk ris til alle tre - veldig godt. I går fulgte eg opp med heimelagde kjøttkaker i brun saus med kokte potetar og stekt lauk. Enver såg på matlaginga mi med stor interesse, og hevda ho skulle lage retten til kjærasten sin når han kjem frå Ankara neste veke. Artig.


 

torsdag 4. september 2008

Rommet mitt


Her er den eine sida av rommet mitt. På den andre sida er det vindu og to oransje/limegrønne lenestolar. I tillegg har det kome ein del tunge tremøbel (pult, kommode og bokhylle) og fleire limegrønne/oransje ting. Dei rosa tinga og Nemo-plakaten er ikkje der lenger. Litt pussig interiør, men generelt eit veldig stort, lyst og bra rom. 

onsdag 3. september 2008

Trine prøver seg på tyrkisk 1

Å lære eit nytt språk er ikkje alltid like lett. Akkurat no er utfordringa mi å lære nok ord
til å halde i gang ein relativt intelligent samtale. Og nokre gongar tyder ikkje alltid ord
det ein trur dei gjer. Det har ført til nokre pussige situasjonar:

Frå byrjinga av opphaldet:
Lærar: "Kor er venane dine?" Trine:"Dei er på veggen (duvarda)" (I staden for i leiligheiten (dairede).

Trine har gjort leksa si og trur ho har lagd setningen: "Eg drikk melk av glas (camtan)". Cam viste seg å tyde materialet glas, 
altså det ein lager vindu av. Melka høyrtes 
plutseleg ikkje så fristande ut lenger.

Og i går:
Eg var på eit alt for stort kjøpesenter for å kjøpe eit handkle.
For å få hjelp til å finne ein
butikk som sel det, gjekk eg til infoskranka: "Hei, eg vil
gjerne kjøpe eit basseng (havuz)". I staden for havla).
Feilen gjekk ikkje opp for meg før eg stod i kjellaren
av senteret, foran eit stort treningssenter med skiltet "Havuz"
og biletet av eit stort symjebasseng. Pinleg...

tirsdag 2. september 2008

Pussig tyrkisk ting 1: rumpetasker


Motemessig er Oslo og Istanbul relativt like. Ein merkeleg skilnad er derimot bruken av rumpetasker.

I Noreg ser ein sjelden folk gå rundt med denne praktiske, men 
stygge veska. I Tyrkia, både i Alanya og Istanbul, har eg
derimot sett utallige menn med rumpetaske på seg. Dei
har derimot ikkje taska om livet, men på skrå over 
hovudet og den eine arma. Altså litt som ei dameveske. 
Moten har blitt observert på både skikkeleg "arbeidermenn" 
og businessmenn i dyre dressar. Kanskje noko til
ettertanke for norske menn med
veskefrykt? 

mandag 1. september 2008

Heilt gresk

Omgrepet "det er heilt gresk for meg" fekk verkeleg synt sitt opphav i morges. 06.00 i morges (etter ein times soevn paa toget) vakna eg av at ein mann banka paa doera og snakka gresk. Det var ganske vanskeleg aa forstaa.
Eg gjekk av toget og stod plutseleg aaleine paa ein ganske oede togstasjon. Mannen i billettluka proevde aa forklare meg (paa gresk) vegen til byen. Det var ikkje saa lett. Eg proevde aa tyde skilta paa veggen, men bokstavene var ikkje like dei eg kan. Morgonen endte med ein lang gaatur...
Til slutt (07.45) var eg utanfor det tyrkiske konsulatet i sentrum av byen. Folka der var utruleg greie. Eg fekk nytt visum paa 40 minutt, pluss ein omvisning til to moskear og delar av gamlebyen. No ventar eg paa bussen attende til Istanbul. Om ting gaar bra, er eg heime i 8-tida.