onsdag 24. september 2008

Meir om slør

Eg har no funne ut litt meir om situasjonen om slør på universitetet mitt.
Bogazici har alltid latt folk gå med slør på universitetet, sjølv om lova forbyr det, og uansett kven som har hatt makta i landet. Hæren gjennomførte 
eit såkalla "postmoderne kupp" i 1997 for å skydde dei sekulære verdiane 
i landet, og sjølv då lot universitetsleiinga jenter med slør gå der. 

Det som har skjedd no, er at Bogazici har fått ny rektor. Han ynskja
tydelegvis å markere seg i spørsmålet, og har no lagd eit skjema alle
jenter med slør må skrive under på når dei kjem om morgonen. Der
må dei skrive at dei veit at dei er juridisk andsvarlege for å gå inn på
eit universitet med slør på hovudet. I følge folk eg har snakka med og
media, kan dette vere ei "juridisk felle", som kan gi grunnlag
for straff av desse studentane seinare. Dei fleste har difor nekta å
underskrive på eit slikt papir.

Saka har vore mykje i media, og om de har lyst til å lese meir, har
engelskspråklege "Todays Zaman" i dag lagd ein artikkel og
ein kommentar.

Alle eg har snakka med tykkjer det er veldig trist og
diskriminerande. Professorane er skuffa og sjokkerte, og både
muslimske miljø og venstresidemiljø på universitetet har hengt
opp mange plakatar mot haldninga til rektor. Eg såg fleire 
jenter med slør i dag, og alle hadde på seg hatt eller hette over sløret. 
I følge Einar var dette for å ha høve til å dekke til hovudet om dei
blei tvunge til å ta sløret av seg.

Det spesielle her er at Tyrkia har eit litt anna ordskifte om slør
enn me har heime. Etter Atatürk har sekularismeprinsippet (for nokre)
blitt eit slags symbol på modernitet og vestleggjering, og slør (for nokre)
eit symbol på vending mot aust. 

Regjeringspartiet i Tyrkia, AKP, er eit relativt moderat muslimsk parti, i følge vestleg media, og i følge dei eg har høyrt om som har 
forska på saka. Mange av dei eg har snakka med her, og særleg kring
Alanya, hevdar derimot at dei frykta at AKP ville gjere Tyrkia til "eit nytt Iran". Difor er det problematisk for mange, særleg hæren (som er 
dei som skyddar sekularismen og grunnlova), at kona til statsministeren
har slør. Og då trur eg sekulariseringsprinsippet, og det å halde på forbod 
mot slør mange stader, vert ekstra viktig for mange. 

Politikk er veldig komplisert her. Eg skjønner ikkje korleis det kan vere 
"moderne" å stenge folk ute ut i frå kva klede dei nyttar, men eg trur heller 
ikkje eg har føresetnader for å forstå alle aspekta ved saka og symbolikken
bruk av slør har her.     

Ingen kommentarer: