torsdag 11. september 2008

Universitetslivet




No byrjar eg få eit inntrykk av universitetslivet her. Har vore tre
turar oppe på universitetet, som er superduperfint. Området er i
ein bratt bakke ned mot Bosporosstredet. Bygningane er i "gamaldags,
amerikansk universitetsstil", omkransa av store grøntområde og høge
tre. I kvart einaste hjørne og i kvart einaste bygg er det katter, som
framstår veldig lukkelege i dei fine omgivnadene. Ulempa er at nokre
av bygga har ein eim av kattetiss, mens det fine er at dei sett ut mat
til dei i alle etasjar og tar godt vare på dei.

Universitetsområdet er ikkje så veldig strukturert, så ein må snirkle seg
gjennom stiar og opp og ned trappar for å finne fram dit ein skal. Ganske
sjarmerande, men litt stressande då Einar og eg måtte springe om kring
for å finne ut kor engelsktesten vår var 10.30 i dag. Etter ein prøve på
20 minutt fekk me eit fint ark som seier at me kan engelsk. Stas.

I tillegg oppdaga me ein espressobar i eit hol i veggjen bak ei trapp. Veldig
bra at dei har skikkeleg kaffi (ikkje vonde nescafe), og kult at han kjem
frå eit hol i veggjen.

Elles byrjar eg bli temmeleg lei av å vere varm heile tida. Kan høyres sytete
ut, men etter 1,5 månad i dette kokande landet lengtar eg attende til regn,
haust, kulde og slaps. Trur kanskje hausten er yndlingsårstida mi. Få ting
er finare enn å sitje på Blindern og lese ein mørk haustmorgon, nippe til ein
kaffi frå Niels og høyre regnet dryppe på taket. Men no er eg her, og det
er absolutt ikkje så ille det heller.

3 kommentarer:

Anonym sa...

So utruleg fint universitet! Eg vert reint misunneleg...

Men det er kjekt å lesa oppdateringane dine! Høyrest ut som om det går fint i Tyrkia.

Trine sa...

Takk! :) Du må berre kome, om du vil!

Anonym sa...

Det skal jo høva for deg òg.:-)

Når var det semesteret ditt tok slutt?