søndag 21. september 2008

Haustlukke, augeinfeksjon og litt for mykje gin tonic


Endeleg har hausten og regnet kome. Temperaturen sank
plutseleg med ti gradar denne veka, noko som gjorde alt
mykje betre. No gir det meining å sitje inne på ein kafe med
ein varm kopp kaffi. Har kjøpt fleire typar te og  funne meg 
eit flott par raude støvler som eg skal bruke for å sleppe å bli 
blaut på beina. Oppdaga i kveld ein ny, fin song av Bob Dylan
(It`s all right Ma (I`m only bleeding)). Manglar berre regnjakke 
før lukka blir komplett. 

Denne veka har eg òg fått augeinfeksjon. Det var ikkje så veldig
stas. Då var det fint å ha ein medisinstudent på vitjing, Cathrine,
som var viljug til å stå opp 06.30 om morgonen for å følgje
meg til legen når klaginga mi vart for slitsam. Legen skreiv ut 
antibiotika, og det ser ut til å funke.

Fredag kom Marianne, som er trainee på ambassaden i Ankara,
på helgevitjing. Ho hadde med seg mange gode planar, og me gjekk 
til billeg-frisør (eg fekk Abba-frisyre for kvelden, pussig, men no
er håret mitt altså skulderlangt), åt fantastisk sjokoladekake og 
sprakk vekesbudsjettet så det song på "Litera", ein 
takterasserestaurant med utsikt over heile byen. Stemninga var 
ubeskriveleg, med unge, oppynta Istanbullu-ar som song tyrkiske
folkesongar av all sin hals. Me hadde ikkje lyst til å gå, noko som
førte til mange gin tonic og mykje dans. Det førte òg til at eg måtte
spy, og sluten på kvelden var ikkje like fin som byrjinga.

I morgon byrjar skulen, og eg klør etter å få igong ein kvardag.
Pensumet verkar dødsspennande, og eg vil gjerne bli klokare.

Dei siste dagane har eg òg fått nokre spennande invitasjonar. Om 
ho finn fleire billettar,har Marianne invitert Einar og meg på 
Oktoberfest på den tyske ambassaden i Ankara. Og Yngve frå Inter har invitert meg Beirut. Billettane her i frå er 
mykje billigare enn frå Noreg, og kor ofte vert ein invitert til Libanon? 
Grensene går ved tid og studielån, og etter gårsdagens heftige
budsjettsprekk, må eg vente litt før eg tek eit val kring dette.




 

Ingen kommentarer: