fredag 19. desember 2008

Bra teater


'Duvara karşı' (mot veggen), den prisvinnande filmen av tysktyrkiske Fatih Akın, har blitt sett opp som teater i Stockholm. I gaar kom dei paa turne til Istanbul.
I filmen snakkar skodespelarane baade tyrkisk og tysk, medan det i teaterstykket gjekk i 80% svensk og 20% tyrkisk. Dei svenske replikkane var teksta, sidan det er ei avgrensa mengde tyrkarar som kan svensk. Det funka kjempebra, og eg trur det er den beste teateropplevinga eg har hatt nokon gong.
Katharina var med, men sjölv om ho ikkje kan nokre av spraaka flytande, sa ho at det var ei flott oppleving. Cora, Barış, Einar og meg fölte at forestillinga var skreddersydd for oss.

Elles har det skjedd utruleg mykje sosialt i det siste, vore ute til langt paa natt kvar dag, med baade tyrkarar og andre utvekslıngsstudentar. Det er utruleg trist aa skulle reise naar eg merkar at eg berre blir meir og meir glad i denne byen og folka som er her. Difor er eg glad for aa skulle kome attende, sjolv om det berre er for eksamenar.

Men heilt framst i hovudet no er jul, Noreg, familie, Sigurd og vener! Fantastisk kjensle aa kunne kome heim snart.

torsdag 18. desember 2008

Trine pröver seg paa tyrkisk 2



Ordet pasta (=kake) (det norske ordet pasta = makarna) har gitt meg fleire vanskar under opphaldet her i Istanbul. Meininga av ordet hugsa eg fraa Tyrkisk 2 paa Blindern, men i praksis har det enno ikkje sett seg. Eit par döme:

1. Eg staar paa kjökenet og kuttar opp lauk, tomat, aubergine, kvitlauk og gulrot. Nevra kjem inn og spör: 'Kva lagar du?' 'Pasta', svarer eg. 'Liker du pasta med tomatsaus?'. Nevra er ganske god i engelsk, men manglar litt ord, saa ho visste heller ikkje at pasta er ein middagsrett. Ho sender meg eit rart blikk, ristar paa hovudet og gaar ut igjen. Tok lang tid för baae skjönte at noko var gale...

2. Eg er nettopp ferdig med oppvasken etter middag naar Nevra og kjaerasten Eyüp kjem inn döra. Dei spör om eg vil ha pizza, men sidan eg nettopp har spist, takkar eg nei og gaar inn paa rommet. Ein halvtime seinare bankar Nevra paa döra mi og spör om eg vil ha pasta. Eyüp har visstnok kjöpt. Eg stussar over at dei baade et pasta og pizza til middag, og at dei spör to gongar om eg vil ha. Likevel ringer ingen bjeller. Eg takkar pent nei igjen og seier at eg allereie har spist. Nevra ser rart paa meg og ser litt lei seg ut. Eg skjönner ikkje kvifor og pröver aa forklare at eg blei skikkeleg mett. Misforstaainga skjönte eg ikkje för dagen etter...pinleg...(og litt trist.. me har tatt igjen kakeetinga seinare, daa!)

tirsdag 16. desember 2008

EU = bullshitbingo


I går var leiaren for EU-utsendinga til Tyrkia, Marc Pierini,
på Bogazici for å halde tale om eventuelt Tyrkisk
EU-medlemskap. Det er noko av det mest provoserande eg har
vore med på på lenge, lenge. Me kom ein time for seint, men
Pierini kom likevel med sjokkerande mange drøye ting då han
svarte på spørsmål frå salen. Nokre døme:

1a) I EU-kommisjonen bryr me oss ikkje om nasjonalitetar.
Så lenge me er EU-borgarar, har det inga tyding. Og i EU-parlamentet er partia organisert ut i frå ideologi, og ikkje ut i frå 
nasjonalitet, noko som understreker dette (særleg!!!). 

1b) (2 minutt seinare) Om Tyrkia blir med, vil storleiken på
landet ha ei stor tyding. Dei vil sannsynlegvis få ein stor del
av politikarane i EU-parlamentet, og det vil bli problematisk
for dei andre landa. Dette jobbar me med å finne ei løysing på 
(=nasjonalitet speler ei rolle).

2. Irland svarte nei til Lisboa-traktaten fordi dei ikkje skjønner
kor bra EU er. Dette er dei nasjonale politikarane si skyld. Kvar 
gong noko går dårleg, skuldar dei på EU. Kvar gong noko går 
bra, tek dei æra sjølv. Det gjer demokrati-aspektet vanskeleg
(jævla elitist! (unnskyld banninga, men det er på sin plass for ei
så udemokratisk haldning))

3. Heldigvis har "the business" skjønt kor mykje folk tener på
EU. Dei er stort sett sterke støttespelarar, og det sett me pris på.

4. Folk tek godene ved EU for gitt, og gidd ikkje ein gong røyste
ved EU-val. Me har gitt både fred og høve til å reise utan
passkontroll. Eg skjønner ikkje kvifor ikkje folket er meir glade.

5. På dette tidspunktet reiste spanske, tøffe Antonio seg opp
og sa "Men kvifor stiller de så høge krav om demokrati til
Tyrkia, når EU er ein så udemokratisk union?" (Halvparten
av salen var gamle menn i dress, så eg turde ikkje seie noko
sånn.. Takk, Antonio!)

Svaret han kom med var byråkratiske bortforklaringar.
Men salen lo og nikka til spørsmålet til Antonio, så det hadde
sin effekt, heldigvis. Eg har sjeldan vore meir stolt av å
vere utanfor EU enn eg var i går...
 

søndag 14. desember 2008

Natt i Istanbul


Istanbul har eit fantastisk uteliv. Vil du ut og pilse over ei skål med nøtter, løyse verdsproblem og diskutere livet, døden og kjærleiken, har byen mange fine alternativ å by på. Det var planen til Katharina og meg i går, då me "berre skulle ut ein tur" for å lufte litt på lesehovuda.

På Badehane, den beste staden av alle, møtte me Burak, som var rastlaus etter ei veke med familiemiddagar og tradisjonar. Stemninga var god, og me endte nok ein gong opp på Araf, der me dansa i eitt strekk til halv fem om natta. 

Difor ligg eg no i senga, ser på skiskyting på nett-tv og gler meg til å sjå Astrid sesongdebutere på ski. Blir spennande. Oppgåva som skal inn i morgon er ordlaus, men livet er likevel ganske fint..

torsdag 11. desember 2008

Kjedsamt

Dei siste dagane har vore litt tamme. Einar og eg har haldt ut på Starbucks og lest ein god del. Heime har leiligheita vore tom, og det fleste andre har vore opptekne eller ute av byen. I dag kom Cora og Katharina og leste saman med oss, og det auka stemninga ganske så mykje.

Fekk forresten eksamensplanen min i går, og den er utruleg lite lystig. Samtidig er det mange oppgåver som skal inn. Sidan eg gjerne vil ha litt trøst, legg eg den gledesgivande framtida mi ut her:

Political sociology: 3-5 sidars analytical paper 16. desember
Foreign policy: 3 sidars oppgåve 24. desember
Political sociology: 10 sidars final paper 7. januar
Foreign policy: eksamen 8. januar
Politics of identity: 10 sidars final paper 15. januar
Politics and society in the middle east: eksamen 16. januar (med 1800 siders pensum)
From Weimar to Berlin: eksamen morgonen 17. januar (1000 siders pensum)
Politics and culture: eksamen ettermiddagen 17. januar (500 siders pensum)

18. januar: flytur heim med Baltic air, noko som inneber 6 timar venting i Riga

19.januar: fyrste universitetsdag med forelesning i Inter3090

24. januar: innlevering 10-15 sidars final paper i From Weimar to Berlin

Etterpå: ferie, takk!

tirsdag 9. desember 2008

Bra bok!


I dag og i går har eg lest utdrag frå boka "A history of Iraq"
av Charles Tripp. Delen eg las fortel enkelt, grundig og på ein
spennande måte om utviklinga i landet i perioden mellom då 
Saddam Husain kom til makta og den amerikanske 
invasjonen. Lærte utruleg mykje!

Så om du vil skjønne meir av bakgrunnen for konflikta, bør denne 
boka vere eit heitt julegåveynskjetips.

mandag 8. desember 2008

Iyi bayramlar!



Fyrst: gratulerer med dagen til fine kjærasten! Han er i Dublin med gode vener, noko som er fint å tenkje på (sjølv om eg gjerne skulle vore der).

Her byrja Kurban bayrami (eid) idag. Det har gitt ei ganske spesiell stemning i byen. Gatene er nesten tomme, dei fleste butikkar er stengte, og i dag var eg åleine i metro-vogna frå Taksim (hadde eg aldri trudd). I dag er dagen for slakting av dyr. Rike familiar slaktar ei eiga ku eller ein eigen sau, medan fattigare familiar går saman om eit dyr. I fattigare område er det vanleg å gjennomføre slaktinga på gata. Einar sa at "blodet rann" i gata hans idag. Ein tredel av dyret er det vanleg å gi til fattige, medan ein nyttar resten til å lage gode måltid med familien.

I helga har eg vore i Bursa! Det var ein veldig fin tur. Med på utflukta var Katharina (min gode nabo frå Tyskland), Gabi og Hannah frå Østerrike, Katarina frå Slovenia og Helene frå Frankrike. Bursa var den fyrste hovudstaden i det Osmanske riket og heimplassen til Iskender-kebap (nam!). Me var difor på gravene til både Osman, Orhan (dei fyrste to sultanane) og Iskender kebapci (Iskender-kebabmakaren). Karagöz, ei klassisk form for skyggeteater/dukketeater, stammar òg frå Bursa (sjå bilete). Mannen i Karagöz-museet var så snill at han lagde ei eiga forestilling for oss. Det var superstilig! Byen kunne òg by på mange fine moskear, mellom anna Ulu camii, som er på biletet over.

På kveldane var det backgammon-turneringar, tedrikking, 
øldrikking og kebabeting, noko som var ein super 
kombinasjon. Litt språkforvirring blei det, sidan me snakka 
både fransk, engelsk og tysk oss i mellom (ikkje at eg snakka 
særleg tysk, då). I tillegg møtte me både spanjolar og 
tyrkarar, noko som gjorde situasjonen rar, men artig, sidan alle kunne nokre språk kvar, men ingen
kunne alle. 

Frametter blir det lesing, lesing og lesing. Biblioteket er
stengt, så Einar og eg har rømt til Starbucks. Dei har
lesesalbord, speler roleg julejazz og maser ikkje om at me
må kjøpe meir enn ein kaffi, sjølv om me satt der fem timar i
dag. Litt surt å hjelpe Starbucks kvar dag med å skaffe verdsdominans, men orkar ikkje sitje heime, og dei er 
omtrent dei einaste som er opne...



fredag 5. desember 2008

Vanskeleg å vere kurdar


Tyrkia har ei stygg historie når det gjeld handsaming av minoritetar. Det tristaste er at denne historia ikkje har tatt slutt enno. I går blei Leyla Zana dømt til 10 nye år i fengsel for å indirekte ha støtta PKK og den fengsla leiaren deira, Öcalan, i fleire talar.

Ho satt òg i fengsel mellom 1994 og 2004, på grunn av at ho skal ha samarbeida med PKK. I 1991 snakka ho kurdisk i det tyrkiske parlamentet, noko som både gjorde ho kjent og problematisk for tyrkiske styresmakter.

Ytringsfridomen og andre menneskerettar har framleis ein lang veg å gå...

torsdag 4. desember 2008

Triste saker

I dag var skuledagen min sånn:

9-11: Foreign policy, som handla om tyrkisk utanrikspolitikk før og under 2. verdskrig.

11-13: Politics & society in the Middle East
fyrste bolk: diskusjon om det er høve til å nå noka løysing i Palestina og korleis denne løysinga kunne sett ut. Stemninga i klassen blei så dyster at professoren avgjorde at me måtte ta te-pause for å kome oss.
andre bolk: undervisning om historia til og stoda i Libanon i dag. Like dystert som fyrste del.

13-14: Identity politics
dokumentaren "38", som handla om den tyrkiske undertrykkinga av kurdarar i byen Dersim, og særleg massakren i 1938, som gjorde at over 80.000 kurdarar blei drepte. Ein veldig god dokumentar. Er imponert over professoren min som viser han fram. Filmen syner ikkje akkurat fram eit godt bilete av verken Tyrkia eller Atatürk. (Anekdote: Atatürk adopterte fleire ungar, mellom anna Sabiha Gökçen, som seinare blei den fyrste kvinnelege piloten i verda. Ho var ei av pilotane som bomba Dersim.)

15-utover kvelden
førebu meg til "from Weimar to Berlin" i morgon med å lese "Antisemitism - a very small introduction" og "Hannah Arendt: Totalitarianism".

(Men: folka i klassene er fine, og professorane stort sett flinke. Og på lesesalen fekk eg høyrt på både ein ukjent komponist (som sikkert er dritkjent), Sibelius og ein estisk pianist som Einar liker. Kom aldri i gang med Bach før det stengte, men har store planar for i morgon. Og frå i morgon er det ferie!)

onsdag 3. desember 2008

Nedtelling

Dei fyrste tre dagane av desember har vore rare.
Måndag vakna eg med eit skikkeleg migreneanfall, noko som
avgrensa aktivitetane mine kraftig fram til i går kveld.
I dag, då eg endeleg var klar for å gå ut igjen, tok eg på
ullsokkene, ullgenseren og den nye, fine vinterkåpa mi,
noko som ville passa til veret slik eg hugsa det frå helga.
I dag gjekk folk i t-skjorte. Det blei ein svett dag...

Eg byrjar å innsjå kor utruleg kort tid som er igjen. Og kor
mange ting eg ikkje har gjort enno! Rart at dette merkelege, 
fine, litt heimlengtande halvåret snart  er ferdig. Føler
endeleg at ting byrjar å kome på plass, med vener,
undervisningsmåtar og kjennskap til byen. Katharina
har bestemt seg for å bli eit semester til, litt på grunn
av den same kjensla, trur eg. Sannsynlegvis hadde våren i
Istanbul blitt fin, men no klarer eg ikkje tenkje på noko anna
enn at Noreg berre er nokre veker unna.

(Og så: eg har kjøpt meg mp3-spelar! (til 150 nok). Føler
meg teknologisk frampå, etter at min 10 år gamle, trofaste
discman svikta...

Og oppdaga førre veke eit lite multimediasenter i kjellaren 
på biblioteket (godt bortgjemt). Det er fylt med lp-plater med klassisk musikk, som ein kan setje på og høyre 
på øyretelefonar medan ein les. Fantastisk! Problemet mitt 
no er at eg er grønn på klassisk musikk. Kan nokon hjelpe meg?
Kva bør eg byrje med? Ganske sikker på at biblioteket har dei 
fleste....)



lørdag 29. november 2008

Fin tid


I morges (tiiidleg) reiste mamma heim igjen etter ei helg i Istanbul. Me har hatt det fint! Det var utruleg fint å bli skjemt bort av mamma nokre dagar, med mykje kaffi-drikking, handling (fekk ny vinterkåpe!) og turistting. Ho hadde mellom anna med seg gløgg, så i kveld blir det fyrste sundag i adventsfeiring i heimen. Eit av dagsprosjekta får bli å kjøpe fire lilla lys.

Neste veke er det kurban bayrami (eid), og det vil seie ei veke fri frå skulen. Då reiser folk heim til familiane sine, et god mat og nokre gir einannan gaver. Har lagt merke til at butikkane nyttar mange av dei same symbola for bayram som me gjer til jul (minus nisser og Jesus og sånn), så det er ein del juletre, stjerner, snø og liknande rundt om kring. Det tykkjer eg er fint.

I dag blir det skriving av oppgåve til Politics and society in the Middle East
, lesing og ferdigskriving av ein artikkel til argument. Undervisninga på
universitetet er framleis kjempebra, føler eg lærer utruleg mykje. I førre veke hadde me mellom anna om konflikten i Palestina, 
Hanna Arendt sine teoriar om totalitarisme, tyrkisk utanrikspolitikk 
gjennom historia og om kva syn Theodor Adorno hadde på massekultur.
Til veka skal me halde fram med noko av det same, i tillegg til å byrja å lese om Gramsci og hegemoni + konfliktene i Libanon. Stas!

tirsdag 25. november 2008

Noreg <3


Eg blir patriot av å bu i utlandet. Det har fått nokre uvante utslag.
Til dømes jubla Halldis og eg då Araf, som er verdas beste stad å
danse på, spelte "Beggin" i staden for den tyrkiske/latino-musikken
dei pleier å spele. Denne veka er kronprinsen i landet, og det får 
meg til å sjå ekstra etter i avisene for å sjå om dei skriv noko om 
vitjinga. Heime er ikkje kongestoff den heitaste delen av avisa.
Og då bussjåføren spelte Aha for ei stund sidan, klarte eg ikkje
gjere noko anna enn å smile.

I dag, då eg var ute på lønsj med Katharina og østerrikske Hanna,
då adanakebaben var spist og teen drukke opp, tok Hanna
plutseleg noko opp frå veska si: ein eventyrsjokolade frå Freia!
Ho hadde nemleg bursdag førre veke, og ei norsk, veldig
omtenksom venninne sendte norsk melkesjokolade som gåve.
Hanna delte systerleg, og smaken var minst like god som eg hugsa
han. Kva er sjansen for at noko sånn skal skje? Humøret mitt
var i alle fall redda.

Sist, men ikkje minst, så kjem mamma og pappa på torsdag. Eg
gler meg! Og dei har lova ta med både brunost, julekalender og
gløgg.

Trur det er bra eg skal heim om ikkje så lenge, så patriotismen
kan roe seg litt...

mandag 24. november 2008

Gode på hjul


Ein av dei finaste tinga med Istanbul, og særleg nabolaget mitt, er at gatene er fylte med vogner. Og i vognene har dei alt mogleg eteleg, litt avhengig av sesong. På biletet over ser de Daniel som kjøper melon av ei vogn på eit busstopp då me var på veg til Ücagiz i august.

Dei fleste vognene kring meg har eit generelt fruktutval, og dei er kjempeflinke til å stable klementinar, eple, appelsinar, granateple og druer opp på ein måte sånn at det ser kjempefristande ut. Prisen går på kilo, og på vognene har dei sånne fine, gamle jernvekter (sjå bilete).

Dei siste vekene er det klementinane som har dominert på tilbodsfronten, noko som har ført meg inn i ein klementinmani. Klarer sjeldan å gå forbi ei vogn utan å kjøpe ein kilo (=9kr). Heldigvis er ikkje Sinem eller Nevra leie av å dele, enno.

Nokre gongar har eg òg sett lastebiler fulle av eple, noko som har minna meg på kvifor det er lurt å vaske frukta før me et ho. Mange har òg fylt vognene sine med fisk, og særleg småfisk. Det hoppar eg glatt over, gitt. Det same gjeld for dei sjokkerande mange blåskjell-seljarane.

søndag 23. november 2008

Kulturskilnader?

Denne veka hadde eg eksamen i tysk politisk historie. Etterpå snakka
eg med folk om korleis det hadde gått, og det var ganske interessant
å høyre korleis folk svara.

Heime seier eg aldri at det har gått betre enn "bra", eller "greit, men
eg veit ikkje heilt om eg skjønte oppgåve 3b", utan at eg har tenkt 
særleg over det. Å høyre nokon seie at ein eksamen gjekk kjempebra
er sjeldan kost.

Difor skvatt eg då dei amerikanske og australske kameratane mine 
svarte "It went really well. Think I wrote a pretty good paper, there"
og "Piece of cake, really" på korleis essay-oppgåvene hadde gått. Dei tyrkiske venane eg spurde sa derimot "iyi" (bra) eller 
"söyle, böyle" (så som så), litt på line med korleis eg svarte.

I ettertid klarer eg ikkje å bli samd med meg sjølv om kva som er
best. Svarer eg at det gjekk kjempebra, føler eg at eg har dumma
meg skikkeleg ut om eg får ein dårleg karakter. Svarer eg at det
gjekk greit, har eg liksom rom for alle slags utfall. Men når ein
tenkjer seg om, er det ikkje nødvendigvis det folk spør om.
Ofte har eg ei veldig god eller dårleg kjensle når eg skriv,
litt uavhengig av kva den endelege bokstaven seier, og det må 
jo vere betre å kunne vere ærleg om den kjensla? 
På den andre sida vert eg ofte nervøs når andre seier det har
gått dritbra. Så for den kollektive kjensla er det kanskje best
om folk er sjenerte?

Kva tenkjer de?

fredag 21. november 2008

Hei kor det gaar!

No er eg ferdig med alle midterms og ei stor oppgaave. Endeleg helg!

Trur det i fyrste omgang blir feirings med aa sove litt...:)

torsdag 20. november 2008

Irritasjonsliste


Misforstå meg rett (som det pussige uttrykket heiter), Istanbul er veldig flott.
Men akkurat no, kvelden før eg skal ha ein stor eksamen og kvelden før eg skal
levere ei stor oppgåve eg ikkje er halvvegs med, treng eg å klage litt, nærmare
bestemt om trafikkulturen her:

1. Folk går så sakte! Og dei går aldri i rett line, så eg går alltid inn i minst tre personar på veg til bussen.

2. Kroppsspråket ein nyttar når to personar er på veg til å krasje
må vere annleis enn heime, og eg har enno ikkje knekt koden.
Ser at dei fleste andre sjeldan krasjar, så det må vere eit triks
eg ikkje veit om. Å signalisere retning med auga funkar i alle 
fall dårleg. Så då blir det enno meir skumping, krasjing og 
pinlege augeblikk.

3. Bilane har null respekt for fotgjengarar. Fotgjengarfelt 
har ingen verdi, medan grønt lys fungerer om du ser deg 
godt til alle kanter fyrst.

4. Istanbul er full av motoriserte tohjulingar, og dei køyrer
som om dei ikkje vil leve så veldig lengje- mellom bilar i køen, mot køyreretningen og inn i gågater (eg blir glad
no om ingen seier at det er på grunn av klisjeen om at
folk trur dei kan køyre som om dei vil, fordi Allah
avgjer når dei skal dø, uansett)

5. Den generelle farta til alle motoriserte køyrety er veldig
høg og med små marginar før det går gale.

6. Fortaua kring der eg bur er så smale! Og alltid er det
mange folk, gateseljarar (noko som er veldig fint, skal
lage skryteliste om det seinare), trær og parkerte bilar
i vegen. Så å gå i direkte line er det berre å gi opp, ofte
må ein ut i vegen (der dei motoriserte køyretya rår)
for å kome fram i rimeleg tempo.

7. Etter at det blei litt kjøligare her har eg kjent eksosen
betre enn før. Slepp liksom aldri unna at lufta er urein.
Det er ikkje veldig rart, med tanke på at det er mellom
10 og 15 millionar innbyggjarar i denne byen, men trur 
eg er skapt for mindre forhold. 

onsdag 19. november 2008

Gi din protest!

Tenestedirektivet er noko herk. Skulle veldig, veldig, veldig gjerne vore heime og demonstrert i morgon, men det er ikkje saa lett. Daa er det lettare aa fölgje oppmodinga til Jens og blogge mot i staden.

Lurer du paa kva tenestedirektivet er? Her ligg ei kort forklaring.

3 korte argumnt kjem her. Utdjuping finn du paa denne sida:
1. Tjenestedirektivet er usolidarisk
2. Tjenestedirektivet flyttar makt fraa folkevalte til byraakratar
3. Tjenestedirektivet gir meir sosial dumping

Mange av politikarane paa Stortinget seier dei er usikre paa kva tenestedirektivet vil tyde for arbeidstakarar i Noreg. Naar Arbeidarpartiet likevel vel aa koeyre paa, med 10 mot 9 roeyster i regjeringa, trass to parti som tek dissens, burde kanskje partiet velje aa skifte namn. Det er tydeleg at dei her ikkje har arbeidarane som sin fyrsteprioritet, heller EU-konformitet og nyliberalisme.

Har du hoeve i morgon, demonstrer!

tirsdag 18. november 2008

Glade dagar


Dei siste dagane har vore så fine! Her kjem nokre høgdepunkt:

  •  Få vitjing av Halldis, som har mykje artig å fortelje om Izmir og tyrkisk folkedans
  • Dra til Kadiköy og bli spådd med tarotkort av ei klassisk spåkvinne. Og ho sa at alt kom til å bli bra.
  • Gå på økologisk laurdagsmarknad i bydelen min med Cora og Halldis, fryse i 10 grader (som kjennest som 0), ete varme økologiske pannekaker og kjøpe finfine julegåver
  • Bli varm igjen med sjokoladefondue og kaffi
  • Dra på tyrkisk bad og kjenne at kroppen er stresslaus
  • Dra på sær danseforestilling på ei av undergrunnsscenene i sentrum
  • Avslutte kveldane med vindrikking og lange samtalar
  • Lese Virginia Woolf
  • Og som i går kveld: sjå dokumentaren "Mustafa" om Atatürk med Hallis, Cora, Baris og fleire, gi blaffen i tidleg time dagen etter og drikke øl og diskutere til klokka 4 på natta. 

onsdag 12. november 2008

Einspora

Livet mitt er særdeles lite spennande om dagen, utanom kva
som skjer inne i hovudet (der skjer det derimot mykje).
Professorane dynger oss ned med så enorme mengdar arbeid,
at dei siste skuledagane har vore 12-timars lange (og eg er
framleis laangt bak planen). Det fine er
for det fyrste at tinga me lærar er stort sett veldig spennande.
For det andre er eg ikkje åleine. Når eg har gått heim frå
biblioteket i 21.30-tida har det framleis vore halvfullt, og det 
er nesten alltid nokon å diskutere/klage litt med. Og kantina
er open til 22.30. Til slutt er det umogleg å vere nervøs for 
prøvar og innleveringar, sidan me har fleire i veka. Det er
noko veldig rettferdig med at vurderinga er kontinuerleg
gjennom semesteret, og ikkje berre er basert på ein prøve
til slutt. Men det gjer nok at ein må lese jamnare for å
klare seg greit. Heldigvis er Katharina veldig flink til å dra
meg med på kveldar på byen. Istanbul har mange fine
utestadar, fleire av dei med live tyrkisk (ikkje pop-)musikk.
Det er stas.

Eit anna ljuspunkt er at Halldis kjem frå Izmir i morgon for
å få ei helg i Istanbul. Gler meg til å sjå ho att og få nokre
dagar med turistaktivitetar.


mandag 10. november 2008

Lite rettferd i bakgården

I bakgården min er det eit stort hol, sannsynlegvis etter ei
blokk som har stått der før. Der er det no ein stor byggjeplass,
som har vore der sidan eg flytta inn i september. Ved sidan 
av står det eit lite brakkebygg. Eg hadde ikkje tenkt på kva
som fantes i det lille bygget, før Nevra fortalte for nokre veker
sidan at det er heimen til arbeidarane på byggjeplassen. Eg 
kan ikkje innbille meg at det er plass til meir enn senger og 
eit enkelt kjøken der inne.  Sjølv har eg aldri snakka med 
dei, men i følgje Nevra er dei sannsynlegvis frå aust. Arbeidsløyse 
eller låg løn heime har sendt dei til Istanbul for å jobbe. Desse 
får lågare lønn enn andre arbeidarar og openbart elendige buforhald. 

Arbeidsdagane er heller ikkje 9-4. På dagane er det heilt stille her,
men ofte i 22/23-tida på kvelden høyrer eg ofte at gravemaskinene
byrjar arbeidet sitt. Dei kan òg finne på å byrje i 7-tida på ein sundag
morgon. Min teori er at desse arbeider på fleire stader samtidig, og
at arbeidsdagen difor er mykje lenger enn eg kan sjå frå vindauget mitt.

Å sjå fattigdom på så nært hald er ubehageleg, men eg trur absolutt det 
er viktig. Nyliberalisme tvinger folk over heile jorda til å flytte og arbeide 
under elendige kår for å få kvardagane til å gå rundt. Treng
ikkje sjå lenger enn til Langemyhr-saka heime i Noreg for å få eit døme
på det. 

Synleggjering av eit problem flyttar oss nærmare ei løysing, men det 
garanterer inga god løysing. Ei av professorane mine er prinsippielt 
kritisk til veldedigheit, av di det gir overklassen godt samvit utan å
fjerne årsakene til ulikskapen. Sigurd og eg diskuterte dette 
dilemmaet ein del då han var her. Korleis kan eit enkeltindivid arbeide 
mot fattigdom og den altoppslukande nyliberalismen?

Det klassiske svaret er sjølvsagt politisk organisering for radikal 
endring av systemet. Og eg stiller ikkje spørsmål ved det. Men i eit meir
kortsiktig perspektiv, (før den raude revolusjonen kjem :)), kva skal
kvinna i gata gjere (som i dette tilfellet er meg)? Skal eg gi pengar til
ungane som tigg på vegen til supermarknaden? 

Etisk rådgivnad hadde vore fint...  

lørdag 8. november 2008

Rundvask

I går kveld kom foreldrene til Sinem på vitjing. Dei er veldig søte,
venlege og inkluderande. Kvart måltid inviterer dei meg med. Det gir nokre utfrodringar kring når ein skal takke 
ja og nei, og kva som er høfleg å gjere. Cora seier at det er lurt å tenkje 
på å gjere noko gjestfritt attende i desse samanhengane, og det 
trur eg ho har rett i. Kanskje får eg lage ei eplekake i morgon.
Sist mor til Sinem kom, byrja ho med å rundvaske heile leiligheita.
Og då eg vakna i dag var ho i full gong med det å gjere det same igjen. Veldig hyggeleg, men òg litt kleint. Eg er ikkje glad i vasking,
men merker likevel at det føles veldig feil at andre skal gjere det for meg.
Trur eplekake er løysinga for å få dette til å kjennes bra...

fredag 7. november 2008

Batman i tröbbel


Söraust i Tyrkia finst det ein by som heiter Batman. Mange har nok smilt litt av namnet som byen maa dele med ein av dei mest kjente superheltane i verda. Sjölv har eg fundert litt paa om namnebroren er ein fordel eller ei ulempe for byen.

I dag kom svaret fraa ordförar Hüseyin Kalkan. Han har valt aa saksökje Christopher Nolan, som regisserte den siste Batman-filmen, The Dark Knight.

“The royalty of the name ‘Batman’ belongs to us … There is only one Batman in the world. The American producers used the name of our city without informing us,” i fölge Kalkan.

Vil du lese meir, kan du lese om saka her.

torsdag 6. november 2008

Sjølvransaking

Dei siste dagane har eg tenkt litt på kva eg skriv her på bloggen,
kven som les og kva dei tenkjer om Tyrkia etter å ha lest. Og eg
veit at mitt bilete av Tyrkia er skjeivt og subjektivt, og at mange 
av mine tankar, haldningar og referansar etter å ha vakse opp i
Noreg skin igjennom.Det kjipe med dette er at det er utruleg lett
 å henge seg opp i nokre av dei negative elementa i samfunnet her og dermed skape eit bilete av landet som annleis, 
ikkje-demokratisk og bakstreversk. Det er ikkje det eg ynskjer!

I "politikk og samfunn i Midt-Austen" har me snakka mykje om 
den orientalistiske tradisjonen i både kultur og vitskap. Det er
veldig lett å tenkje på orientalisme som noko 1800-tals forfattarar som Flaubert gjorde, kanskje berre som ein
kulturell reaksjon på koloniseringa. Faktum er at me framleis har ein sterk orientalistisk diskurs kring oss, men at han 
ikkje alltid er like lett å identifisere. Det har gjort meg litt redd for
å bidra til denne tradisjonen sjølv, trass i at det eg ynskjer er
nettopp det motsatte - å bytte ut gamaldagse myter om Midtausten.

Til dømes finst det i Noreg i dag mange myter om islam og muslimsk 
kultur som legg grunnen for at Frp og Hege Storhaug får så mykje
spalteplass som dei no gjer. Og eg trur, på line med mange andre, at
 ein teori som "Clash of civilizations" ikkje har mykje hald, men likevel kan verte ein sjølvoppfyllande profeti, om folk byrjar å tru at det er
sånn verda funkar. 

Poenget mitt er kanskje at de bør vere litt kritiske til kva eg skriv,
og om det vert for mykje om Tyrkia som så veldig rart eller annleis,
vil eg gjerne høyre noko om det. Vil gjerne gi eit skråblikk på
kvardagen her, men då er det underforstått at ting eigentleg er
mykje likt heime. Eit land er alt for mangfaldig til at ein klarer å gi
noko som helst representativt bilete av korleis det er å leve der i
ein blogg. Eg vil gjerne fokusere på dei tinga eg tykkjer er viktige
(eller underhaldande), men då vert det
automatisk veldig mykje som ikkje kjem med. Og om det er noko
spesielt de vil vite meir om, vil eg gjerne høyre noko om det òg...
 

onsdag 5. november 2008

Kvardag igjen


Her er eit bilete av den nydelege vegen som går frå universitetet mitt
til Bebek, som kanskje er Istanbuls svar på Aker Brygge; dyrt og snobbete, men veldig fint å drikke kaffi ved 
vatnkanten der. 

Etter at Sigurd reiste på måndag har kvardagen slått inn for fullt i
gjen. Sidan eg har hatt litt heimlengsel i det siste, er det godt å
kjenne at kvardagen her ikkje er så ille, at eg har blitt kjent
med mange bra folk, at det er deilig at sola varmar, og at det òg er
litt trist at det berre er 6,5 veker til eg kjem heim til jul. Det
kjem til å gå fort.

Bloggen er igjen tilgjengeleg utan juks, styresmaktene oppheva
heldigvis forbodet mot blogspot.com ganske fort. Nokre av
avisene her var veldig kritiske til forbodet, men forklarte det
med uklåre reglar på området. Sånn som systemet er no kan
enkeltpersonar gå til ein domstol og klage på eit bestemt innhald
på ei bestemt nettside. Loven forbyr forskjellige typar innhald
på nettsider, som til dømes pornografi, kriminelt innhald eller 
noko som fornærmar Atatürk eller "tyrkiskheita". I følge 
Todays Zaman er det i blogspot.com-samanhengen vore ein eller anna som har klaga på eit av disse 
tinga, og på grunn av manglande kjennskap til internett, har 
dommarane (som ofte er av den eldre garde) valt å sperre 
heile domenet. 

Argumentet over forklarer kanskje nokre av sperringstilfella, 
men i realiteten har fleire og fleire sider blitt sperra dei siste 
åra, og mange av dei utan noka juridisk forklaring. Det 
tydelegastedømet er her youtube. 

Eg skjønner heilt ærleg ikkje kva interesse den tyrkiske staten 
vil ha av ei slik sperre, mellom anna på grunn av veldig kritiske 
internasjonale reaksjonar. Sidan det uansett fins måtar ein kan 
gå inn på desse sperra sidene på, fungerer forbodet berre som 
symbol.  

Forresten skreiv eg ein tekst i byrjinga av september om kor
vanskeleg det er for tyrkiske studentar å kome inn på
universitetet i Tyrkia til Blindern-bladet Argument. Dei som er
interesserte, kan finne siste nummer av bladet her.

mandag 3. november 2008



I helga dro me til Büyükada, ei av fleire bilfrie øyer 1,5 time med ferje frå Istanbul. Kjensla av
å vere ein bilfri stad etter nokre månader i denne byen er ubeskriveleg god...
Me køyrte hestedrosje kring øya (i skog!!!), drakk kaffi, såg på Istanbul skyline i det fjerne, åt vaffel med sjokolade og nøtter og fann ein bitteliten pub (med eitt bord) der verten introduserte
oss for kul, tyrkisk rock. 
Vergudane var dessutan snille og gav oss t-skjortever heile veka. 



På toppen: utsikt frå toppen av eit av universitetsbyggja mine, dagen før republikken Tyrkia feira 85-årsdag. Republikken er glad i flagg....
Midten: Frå ferja på vei til den asiatiske sida av byen.
Nederst: Mitt lekre, som alltid litt rotete rom

Sigurd!




Sigurd reiste heim i natt, etter ei superduperfin veke. Han hadde med seg kamera, og det gav meg høve til å leggje ut nokre bilete frå Istanbul. Over er fyrst eit bilete av meg framfor Hagia Sofia. Så kjem eit litt mørkt bilete frå ein marknad i Kadiköy, på den asiatiske sida av byen. Under er Sigurd og den blå moske. 

lørdag 25. oktober 2008

Sensur og lat laurdag

Ein eller annan domstol i Diyarbakir valte i går å sensurere alle nettsider som ender på blogspot.com, utan å gi noka forklaring. Samtidig har youtube vore sensurert sidan i vår, på grunn av ein video som framstiller Atatürk som homofil. Dette er tydelege teikn på at ytringsfridomen framleis har ein god veg å gå her i landet. Har ikkje fått sjekka korleis reaksjonane har vore i media og hjå politikarane, men lover oppdatering.
Heldigvis finst det nokre snarvegar. Katharina viste meg i går nettsida vtunnel.com, som gjer det mogleg å gå inn på blokkerte nettsider anonymt. Så i dag kunne eg sjå youtubefilmar for fyrste gong på lenge...
Elles er eg litt forkjøla, har drukke mykje te og kaffi og sit og ser på regnet utanfor. Sigurd kjem om to dagar, så no prøver eg å gjere unna mest mogleg arbeid før ei lesefri veke. Det blir superduperfint.
I går såg Katharina og eg den danske filmen "Dark horse - voksne mennesker". Ho hadde kjøpt filmen på grunn av den fine framsida. Filmen var surrealistisk, fylt med vakre bilete og handlinga like fin som biletet utanpå. Spring og sjå!

onsdag 22. oktober 2008

Alternativt

På bussen på veg heim frå universitetet i dag, skjedde noko snålt.
Som vanleg er i 5-tida, stod bussen bom stille i kø. Eg går ofte på på fyrste busstopp, og sittande gjer det som 
regel ikkje noko å bruke litt
lengre tid heim enn vanleg. Men dei som går på to-tre stopp etter
meg må ofte stå i halvannan time
før dei er heime (utan kø tar turen 20 min). Om ein heng seg opp
i dette, er det lett å bruke mykje irritasjon på trafikken i Istanbul.

I dag synte bussjåføren at han tydelegvis var lei av å stå i kø.
Plutseleg ropte han "me kjører motorveien", og møtte halvvegs jubel/halvvegs stønning frå passasjerane. Halvparten hoppa av på neste
stopp. Bussen kjørte ikkje inn den vanlege vegen, men tok i staden
av mot motorvegen og dundra avgårde i ti minutt utan å stoppe.
Når han tok av frå motorvegen igjen, var me plutseleg framme ved
mitt stopp. Det gjekk relativt fort, men var på kostnad av minst 
fem busstopp som sikkert hadde passasjerar som 
stod og venta....

tirsdag 21. oktober 2008

Dyreliv


Universitetet mitt steller godt med dyra på området. Utanfor klasserommet der eg plar lese ligg det alltid tre-fire hundar og kosar seg i solsteika. Dei er alle lause, merka og veldig fine i pelsen. Dette muntrar meg vanlegvis opp, sidan laushundar (eller dingoar, som Sigurd seier) minnar meg veldig om turen til Latin-Amerika, og det er fint å sjå at dei kosar seg.
Medan hundane stort sett berre ligg der og er slappe, er kattene kongene på området.
Dei er på konstant jakt etter noko å ete på, trass i at dei tilsette plar setje ut mat i
trappene i nokre av universitetsbyggja. Matjakta deira fekk eg føle på kroppen i dag,
då eg valte å nyte lønsjen på grasplena saman med nokre av mine amerikanske medstudentar. Amerikanane hadde nettopp
vist meg ein stad eg kunne kjøpe ein stor porsjon med kyllingwok med nudlar utan å bli blakk, og eg kasta meg over maten, sidan det var fyrste gong på lenge eg fann noko mat med
østlegare opphav enn Tyrkia. Etter ei lita stund vart me omringa av katter frå alle kanter.
Til slutt låg det fire katter kring sirkelen me satt i, med fleire som krinsa i nærleiken.
Dei byrja bli litt vel innpåslitne, og ei av dei sette seg to cm unna meg og såg beundrande på dei gode 
nudlene mine. Me haldt praten gåande, og eg var midt i ein setning 
då den nærmaste katta hoppa opp og slo maten ut av hendene mine 
med poten. Det var den lønsjen!
Dei andre kattene kom springande for å nyte godene, men sjefskatta 
berre freste, klorte og slo så ho fekk nyte heile den deilige lønsjen 
min i fred. Veit ikkje om eg kjem til å vere så venleg innstilt til 
kattene etter dette...   


søndag 19. oktober 2008

Politisk baluba

Det skjer mykje i tyrkisk politikk om dagen. Tyrkia slo Island ned 
i støvlene i går (dobbelt så mange røyster) og vart valt inn i 
Tryggingsrådet til FN.

På heimefronten er ikkje ting så lystige. Mediene generelt i landet 
er alle eigd av nokon med makt anten høgt i politikken eller 
hæren, alternativt nokon i næringslivet som samarbeider tett med 
ein av dei to fyrste. I fjor valte ei gruppe journalistar å gå ut frå
venstresideavisa Radikal av di dei ikkje fekk skrive kva dei ynskja.
Desse starta ei ny avis, Taraf (= side), som har fått ord på seg for å
vere det einaste frie medieorganet i landet. For nestan to veker sidan utførte PKK eit terroråtak aust
 i Tyrkia og drepte 17 soldatar. Onsdag valte Taraf, som einaste 
avis, å trykke foto, tatt av tyrkisk militærvesen, som syner PKK 
som førebur dette åtaket. Om fotoa er sanne, viser det at hæren
visste om åtaket på førehand og valte å ikkje gjere noko med det
(populær konspirasjon: for å få meir stønad i folket til
anti-terrorarbeid (!) og til militæret generelt). Dagen etter innkalla
ein av generalane i landet, Basbug, til pressekonferanse, der han
skjelte ut Taraf og tyrkisk media generelt. Dei fekk klar melding om
å passe seg. Eg snakka med ein tysk utvekslingsstudent den kvelden,
som driv ein del frilansarbeid til tysk media. Han hadde
vore på Tarafkontoret den dagen, der alle journalistane satt og venta
på at hæren skulle kome og stenge avisa. 
Taraf eksisterer framleis, men dei siste dagane har det vore heftig
ordkrig i media. Det positive er at dei andre mediene faktisk har
tatt sida til Taraf. Det negative er at statsminister Erdogan har tatt
sida til militæret.

To andre interessante notisar frå avisa i går:
  • Opposisjonsleiar for "Ungpartiet (GP)", Cem Uzan, blei for ei stund sida dømt for fornærming av statsminister Erdogan. Straff: les fem bøker om sinnehandtering og sjølvutvikling. Uzan anka og straffen vart redusert til to bøker.
  • Ankedomstolen har høve til å uttale seg i høyringsrundar om relevante saker. I går kom dei med framlegg om reduksjon i straff for voldtekt om offeret giftar seg med gjerningsmannen etterpå. I tillegg vil dei redusere straffa for voldtekt generelt, med forklaringa om at voldtektsofferet lid om gjerningsmannen blir sett i fengsel. Eg veit ikkje kva planet rettsvesenet i landet her kjem i frå, men dei er skikkeleg provoserande!

lørdag 18. oktober 2008

Draum om heimlengsel

Dei siste dagane har eg lengta meir heim enn før, særleg etter det å ha Sigurd, familie og gode vener kring seg som ein kvardag. Eg trur det kan vere årsaka til draumen eg hadde i natt:

Mamma og pappa kom på overraskande vitjing, og med seg hadde dei bestemor og tante Inger frå Leksvika. Eg var veldig flau, fordi eg ikkje hadde rydda rommet, men blei likevel veldig glad for å sjå dei. Me drog på hurtigomvisning til mange av dei fine stadene i byen (pussig nok ingen trafikkproblem i Istanbul i draumen), før me drog attende til der eg bur. Der opna eg kjøleskapsdøra og finn heile kjøleskapet fylt med brunost.

Om nokon kan draumetyding, er det berre å ta kontakt....

onsdag 15. oktober 2008

Sosialisme om natta


(Eg tar sjølvkritikk for at eg skriv mykje om universitetslivet og
lesing her på bloggen, skal prøve å bli flinkare til å skrive om andre
ting. Men nattas lesing har gjort meg så glad, at eg berre må skrive litt om det.)

I kveld har eg fullført Nancy Fracers artikkel "From Redistribution to Recognition?
Dilemmas of Justice in "Postsocialist" Age" frå 1997, ein av tekstane i faget
 "politics of identity".  Etter lange utredningar og fine skjema kjem ho med
ein fantastisk bra konklusjon: Det er størst sannsyn for å oppnå reell
rettferd for grupper som i dag er undertrykte under eit sosialistisk samfunn. 
 
Eg skal ikkje hevde at dette var ny kunnskap (heia SU!), men kult å lære om det på
universitetet.


tirsdag 14. oktober 2008

Pussig tyrkisk ting 2 - Tavuk göğüsü og andre dessertar


Tyrkia er eit land der mange har sansen for søte ting. I førre månad 
feira muslimane her ramazan (ramadan på norsk), og då kunne ikkje 
tilbodet på søtsakfronten noka ende ta. Mange som har vore på 
charterferie i Tyrkia har kanskje prøvd "Turkish delight" - det 
smakar som ein form for marshmellows med nøter/mandler/andre ting i. Eg har imidlertid ikkje sett det ein einaste gong her i 
Istanbul, så eg trur sjansen for at det er eit turistfenomen, på line 
med eplete (få eg har snakka med vil bli sett med det "skvipet"(
ikkje mine ord) i tekoppen), er nok stor. I heimen min går det 
derimot veldig mykje i baklava - ei sukker-og smørbombe av 
ei konfektkake som fort tar knekken på alt søtsug ein kunne ha.

Eit anna fenomen er puddingtilbodet her i landet. Dessertkarta 
flommar over av puddingar, særleg av dei som er basert på melk. 
Inntil laurdag hadde eg prøvd tre forskjellige typar av desse 
melkepuddingane, der den mest kjente går under namnet 
"Sütlac". Det var førebels ingen stor suksess, og eg 
måtte konstatere at både mammas riskrem (gler meg til jul!) 
og Tines rislunsj slår tyrkiske puddingmakarar ned i støvlane. 
Men på laurdag tok Sinem og Nevra meg med på konditori, og 
eg prøvde desserten "Tavuk göğüsü" - kyllingbryst. Det såg ut som 
ein ekstra fast melkepudding med kanel på (sjå bilete). Konstistensen var seig, og puddingen hadde ein 
del pussige, kvite trådar som gjorde han litt vanskeleg å spise. 
Smaken var imidlertid kanongod, og var særs nøgd med å ha funne 
meg ein ny, tyrkisk favorittdessert.

På måndag fortalte eg Cora om denne positive matopplevinga, og eg 
spurde om ho nokon gong har smakt Tavuk göğüsü. "Nei, eg er 
vegeterianar", sa ho. Det viser seg nemleg at desse merkelege, kvite 
trådane faktisk er kyllingbryst. På ein eller annan måte klarer
puddingmakarane å infiltrere delar av kyllingbrystet i puddingen 
utan at det verken synst eller smakast. Ganske ekkelt er det likevel, 
og eg er usikker på om eg kjem til å klare å ete den nye yndlingsdesserten 
min igjen...     

søndag 12. oktober 2008

Nedtur

Fjellturen var full, viste det seg, så i dag blei det innedag. Det vil seie 100 deilige sider med Bourdieu som må lesast til i morgon, tekoppen og meg. Det kunne vore fint, det, om eg berre skjønte kva Bourdieu meiner. Men med setningar som dette, føler eg at dagen ser ganske meiningslaus ut:

" But Raymond Ruyer (ikkje høyrt om han før) very discerningly contrasts the significance, which he defines as "epicritic", and the expressivity, which he describes as "protopathic, that is to say more primitive, more blurred, of the lower level, linked with the diencephalon, whereas the signification is linked with the cerebral cortex"."

Den nye, fine ordboka mi forklarer ikkje halvparten av orda eg ikkje forstår, heller...




torsdag 9. oktober 2008

Kultur!


No er eg eg klar for ei skikkeleg kulturhelg. Universitetet mitt har eit fantastisk
filmsenter på campus, som er litt som Cinemateket, berre gratis og betre. Kvar
kveld er det gratis filmvisning i kinosalen, og for eit depositum kan ein låne med
seg filmar heim. Senteret har 6000 titlar, og veldig mange av dei er internasjonale
klassikarar. Visste ikkje kor eg skulle byrje, så då blei
det ein regissør på A, Fatih Akin, og hans dokumentar "Crossing the bridge" om
musikk i Istanbul.

I morgon kjem det norske bandet "Helldorado" til Bogazici. Dei er frå Stavanger, og er så vidt eg veit ukjente i Noreg, men 
kjempestore i Tyrkia. Dei fleste songane deira har blitt omsatt til
tyrkisk, og greier.
Laurdag skal Nevra og eg på Salvador Dali-utstilling. Og sundag blir
det tur med
fjellgruppa til Erikli-vatnfalla, som de kan sjå på biletet. Alle desse er gode grunnar til ikkje å ta det så tungt om eg 
ikkje kjem meg 
gjennom alle dei 300 sidene eg burde kome meg i gjennom i løpet 
av helga...

tirsdag 7. oktober 2008

Susar i hovudet



Etter ein lang skuledag, må eg konstatere at universitetslivet
her er ganske annleis frå heime. Sidan eg er i ta notat-modus,
kjem nokre stikkord:

Pensum: veldig tungt, mykje klassikarar, men dødsspennande.
Alle professorane refererer til politisk teori og sosiologiske 
klassikarar (som eg er blank på) i hytt og pine, men dei knyt det
ofte opp mot aktuelle saker. Lærerikt! Akkurat no er likevel 
hovudet mitt ei stor suppe.

Skuledagen: lite lesesal, mykje god klasseromsundervisning og
tedrikking i mellom. Me har eit bibliotek, men det ser ut som
ein ombygd fabrikk og er generelt ganske trist å lese i. Professorane
er ganske glade i lekseprøver her, så lesedisiplinen heime har
skutt i vêret samanlikna med heime.

Vener: i dag nådde eg målet mitt med å ha nokon å sitje
ved sidan av i kvart fag. Det er stas. Dei internasjonale 
studentane er stort sett veldig kontaktsøkande, medan dei tyrkiske allereie har gått der i tre år og kjenner ein
annan godt. Har imidlertid fått fire tyrkiske gutevenar som er 
veldig greie. Dei er politisk ganske langt ute til venstre, og 
hardbarka EU-forkjemparar. Diskuterte EU med dei i over
ein time i går, og fann ut at fleire av perspektiva mine (folkestyre,
marknadsliberalisme, arbeidarrettar) vert ganske forskjellige 
frå deira side. Er vanskeleg å seie kva eg meiner om Tyrkia og 
EU, sjølv om eg generelt er veldig EU-negativ. Om nokon har 
nokre lesetips eller innspel på saka, sei i frå! 

Kveldane: ingen møte, lite trening (fyrste gong i går på veeeldig lenge), ein del tedrikking med Einar og Cora og mykje lesing. Er
veldig glad i Sinem og Nevra, som eg bur med. Nevra kom i dag
med "sucuk", ei spesiell tyrkisk pølse. Eg hadde ikkje smakt sucuk
før, då me snakka om mat for nokre vekar sidan, så ho fekk
onkelen sin, som er slaktar, til å lage ei pølse åt meg.
Utruleg snilt (og godt)!


søndag 5. oktober 2008

Istanbul igjen






Irland var regnvått, men veldig, veldig bra. Sidan eg ikkje har kamera i Istanbul, kan eg
heller by på bilete frå Dublin og Tralee.... 

torsdag 25. september 2008

Til Irland


I morgon tidleg reiser eg til Irland for å vitje fine-Sigurd. Kjem attende neste torsdag. Om det blir noka bloggskriving, blir det kanskje her.

onsdag 24. september 2008

Meir om slør

Eg har no funne ut litt meir om situasjonen om slør på universitetet mitt.
Bogazici har alltid latt folk gå med slør på universitetet, sjølv om lova forbyr det, og uansett kven som har hatt makta i landet. Hæren gjennomførte 
eit såkalla "postmoderne kupp" i 1997 for å skydde dei sekulære verdiane 
i landet, og sjølv då lot universitetsleiinga jenter med slør gå der. 

Det som har skjedd no, er at Bogazici har fått ny rektor. Han ynskja
tydelegvis å markere seg i spørsmålet, og har no lagd eit skjema alle
jenter med slør må skrive under på når dei kjem om morgonen. Der
må dei skrive at dei veit at dei er juridisk andsvarlege for å gå inn på
eit universitet med slør på hovudet. I følge folk eg har snakka med og
media, kan dette vere ei "juridisk felle", som kan gi grunnlag
for straff av desse studentane seinare. Dei fleste har difor nekta å
underskrive på eit slikt papir.

Saka har vore mykje i media, og om de har lyst til å lese meir, har
engelskspråklege "Todays Zaman" i dag lagd ein artikkel og
ein kommentar.

Alle eg har snakka med tykkjer det er veldig trist og
diskriminerande. Professorane er skuffa og sjokkerte, og både
muslimske miljø og venstresidemiljø på universitetet har hengt
opp mange plakatar mot haldninga til rektor. Eg såg fleire 
jenter med slør i dag, og alle hadde på seg hatt eller hette over sløret. 
I følge Einar var dette for å ha høve til å dekke til hovudet om dei
blei tvunge til å ta sløret av seg.

Det spesielle her er at Tyrkia har eit litt anna ordskifte om slør
enn me har heime. Etter Atatürk har sekularismeprinsippet (for nokre)
blitt eit slags symbol på modernitet og vestleggjering, og slør (for nokre)
eit symbol på vending mot aust. 

Regjeringspartiet i Tyrkia, AKP, er eit relativt moderat muslimsk parti, i følge vestleg media, og i følge dei eg har høyrt om som har 
forska på saka. Mange av dei eg har snakka med her, og særleg kring
Alanya, hevdar derimot at dei frykta at AKP ville gjere Tyrkia til "eit nytt Iran". Difor er det problematisk for mange, særleg hæren (som er 
dei som skyddar sekularismen og grunnlova), at kona til statsministeren
har slør. Og då trur eg sekulariseringsprinsippet, og det å halde på forbod 
mot slør mange stader, vert ekstra viktig for mange. 

Politikk er veldig komplisert her. Eg skjønner ikkje korleis det kan vere 
"moderne" å stenge folk ute ut i frå kva klede dei nyttar, men eg trur heller 
ikkje eg har føresetnader for å forstå alle aspekta ved saka og symbolikken
bruk av slør har her.     

tirsdag 23. september 2008

Etablert?


I dag fekk eg Tyrkias svar på Trumf-kortet, nemleg Kim-kortet. Får no 8 prosent avslag på alle varer. 

mandag 22. september 2008

Slør på universitet

I dag hadde eg fyrste time - politisk sosiologi. Verkar kjempespennande, og professoren
var veldig dyktig. På veg til timen måtte eg gjennom hovudinngangen til universitetet.
Der er det tryggingsvakter som vanlegvis ikkje sjekkar noko som helst, men i dag var
politiet der og stogga alle jentene med slør som prøvde å gå inn. Tyrkia forbyr med
lov at kvinner med slør kan gå på universitetet, jobbe i staten og bli valt til parlamentet. Universitetet mitt er veldig liberalt og nektar å følge opp lova på eiga hand, men stoggar
ikkje politiet om dei kjem. Og i dag kom dei. Så på utsida av universitetet stod det 40-50 jenter med slør og kom seg ikkje inn til timane sine.

Professoren min var veldig provosert over dette, og ho sa at timane ville bli flytta ut av 
universitetsområdet og til ein kafe om ikkje politiet lot dei kome inn, sånn at dei kan få utdanning sjølv om dei har slør. Det tykkjer eg var ganske tøft.

Då eg var på veg heim i ettermiddag, hadde tydelegvis politiet gitt seg (nokre
trudde det var fordi pressa hadde dratt) og jentene kom inn. Det førte til eit
spontant opptog av studentar og applaus på heile universitetsområdet. Spesielt å 
vere med på. 

 


søndag 21. september 2008

Haustlukke, augeinfeksjon og litt for mykje gin tonic


Endeleg har hausten og regnet kome. Temperaturen sank
plutseleg med ti gradar denne veka, noko som gjorde alt
mykje betre. No gir det meining å sitje inne på ein kafe med
ein varm kopp kaffi. Har kjøpt fleire typar te og  funne meg 
eit flott par raude støvler som eg skal bruke for å sleppe å bli 
blaut på beina. Oppdaga i kveld ein ny, fin song av Bob Dylan
(It`s all right Ma (I`m only bleeding)). Manglar berre regnjakke 
før lukka blir komplett. 

Denne veka har eg òg fått augeinfeksjon. Det var ikkje så veldig
stas. Då var det fint å ha ein medisinstudent på vitjing, Cathrine,
som var viljug til å stå opp 06.30 om morgonen for å følgje
meg til legen når klaginga mi vart for slitsam. Legen skreiv ut 
antibiotika, og det ser ut til å funke.

Fredag kom Marianne, som er trainee på ambassaden i Ankara,
på helgevitjing. Ho hadde med seg mange gode planar, og me gjekk 
til billeg-frisør (eg fekk Abba-frisyre for kvelden, pussig, men no
er håret mitt altså skulderlangt), åt fantastisk sjokoladekake og 
sprakk vekesbudsjettet så det song på "Litera", ein 
takterasserestaurant med utsikt over heile byen. Stemninga var 
ubeskriveleg, med unge, oppynta Istanbullu-ar som song tyrkiske
folkesongar av all sin hals. Me hadde ikkje lyst til å gå, noko som
førte til mange gin tonic og mykje dans. Det førte òg til at eg måtte
spy, og sluten på kvelden var ikkje like fin som byrjinga.

I morgon byrjar skulen, og eg klør etter å få igong ein kvardag.
Pensumet verkar dødsspennande, og eg vil gjerne bli klokare.

Dei siste dagane har eg òg fått nokre spennande invitasjonar. Om 
ho finn fleire billettar,har Marianne invitert Einar og meg på 
Oktoberfest på den tyske ambassaden i Ankara. Og Yngve frå Inter har invitert meg Beirut. Billettane her i frå er 
mykje billigare enn frå Noreg, og kor ofte vert ein invitert til Libanon? 
Grensene går ved tid og studielån, og etter gårsdagens heftige
budsjettsprekk, må eg vente litt før eg tek eit val kring dette.




 

tirsdag 16. september 2008

Sidan sist

Har eg faatt vitjing av Cathrine. Einar og Cora bur i same nabolag som oss, saa dei siste dagane har det föltes litt som aa vere paa eit nytt norsk universitet med norske vener. Mykje kaffidrikking og mykje turistaktivitetar. Manglar ikkje paa ting aa sjaa i denne byen.
Komplikasjonane ved aa registrere seg som student her tilseier derimot at me ikkje er i Noreg. Medan eg paa Blindern har kjeda meg gjennom mange infomoete som gir info med teskjei, er problemet her at ein maa finne ut av ting sjoelv. Og for aa faa plass paa mange av emna maa ein anten snakke med forelesaren og overbevise ho/han om at du er interessert eller sende eit tiggarbrev. Slitsamt naar ein skal ta seks fag paa 5 studiepoeng kvar.
No har eg faatt midlertidig godkjent tre, ventar paa svar paa resten. Til slutt er det ein ny professor som maa godkjenne samansetninga. Styr!
Men om ting gaar i boks (kryssar fingre og taer), vil eg ta desse faga i haust:
  • Politics and society in the Middle East
  • Politics of identity
  • Political sociology
  • Culture and identity in the European Union
  • Peace and conflict
  • Politics and culture
Spennande, altsaa!

torsdag 11. september 2008

Universitetslivet




No byrjar eg få eit inntrykk av universitetslivet her. Har vore tre
turar oppe på universitetet, som er superduperfint. Området er i
ein bratt bakke ned mot Bosporosstredet. Bygningane er i "gamaldags,
amerikansk universitetsstil", omkransa av store grøntområde og høge
tre. I kvart einaste hjørne og i kvart einaste bygg er det katter, som
framstår veldig lukkelege i dei fine omgivnadene. Ulempa er at nokre
av bygga har ein eim av kattetiss, mens det fine er at dei sett ut mat
til dei i alle etasjar og tar godt vare på dei.

Universitetsområdet er ikkje så veldig strukturert, så ein må snirkle seg
gjennom stiar og opp og ned trappar for å finne fram dit ein skal. Ganske
sjarmerande, men litt stressande då Einar og eg måtte springe om kring
for å finne ut kor engelsktesten vår var 10.30 i dag. Etter ein prøve på
20 minutt fekk me eit fint ark som seier at me kan engelsk. Stas.

I tillegg oppdaga me ein espressobar i eit hol i veggjen bak ei trapp. Veldig
bra at dei har skikkeleg kaffi (ikkje vonde nescafe), og kult at han kjem
frå eit hol i veggjen.

Elles byrjar eg bli temmeleg lei av å vere varm heile tida. Kan høyres sytete
ut, men etter 1,5 månad i dette kokande landet lengtar eg attende til regn,
haust, kulde og slaps. Trur kanskje hausten er yndlingsårstida mi. Få ting
er finare enn å sitje på Blindern og lese ein mørk haustmorgon, nippe til ein
kaffi frå Niels og høyre regnet dryppe på taket. Men no er eg her, og det
er absolutt ikkje så ille det heller.

tirsdag 9. september 2008

Selskap


I dag kom Cora og Einar (frå tyrkiskklassen min) til byen. Det er fint. Og på fredag
kjem Cathrine for å feriere ei veke her. Då skal me vere turistar saman. Eg vil mellom anna gå på den kjente krydderbasaren, som eg ikkje har vore på enno. Registreringa på universitetet
byrjar i morgon, men undervisninga byrjar ikkje før måndag 22. september. Mykje sosialiseringstid, med andre ord.

mandag 8. september 2008

Politikk og sånn


For ein som liker politikk, er Tyrkia eit veldig spennande land å vere i om dagen.
Nokre døme:

I august var det ein rettsak som kunne ende med at regjeringspartiet AKP vart
nedlagt. Årsak: brot på sekuleringsprinsippet i den tyrkiske grunlova, sidan AKP
er eit muslimsk parti (nokre samanliknar det med KrF i Noreg). AKP fekk fortsetje
i regjering, men fekk ei klekkeleg bot.

Tyrkia grensar til Georgia, er med i NATO, har eit godt venskap med USA og har Russland som viktigaste energileverandør og største handelspartner. 
Har eit godt 
forhald til Israel, men òg til Iran. Interessekonflikter? Ja...

Stoda på Kypros. Etter mange, mange år med konflikt, har dei no byrja
sameiningssamtalar. Ankara er ei sentral brikke i dette spelet. Eg er midt i ei
bok om konflikta for tida. Spennande!

Den framleis veldig sentrale rolla til Atatürk. Han vert sitert i avisa heile tida, og er avbileta overalt! Eg var på ein IKEA-aktig butikk for å kjøpe plakatar for å henge på veggjane heime. 
Halvparten av plakatane var av han. Er midt i biografien om han òg. Handlar
førebels veldig mykje om militærstrategi under 1. verdskrig, men eg trur boka
tek seg opp snart.

Klisjeen om aust som møter vest. Sekulariseringsprinsippet, spørsmålet om skaut og fleire liknande konflikter.

søndag 7. september 2008

Kulturmangfald


Dette innlegget skulle eigentleg handle om at nabolaget mitt er ganske kommersialisert. Med unnatak av fleire gravplassar, som er veldig fine, er området prega av trafikk og store kjøpesenter. For 2 dagar sidan var eg ute og gikk, då eg plutseleg sto framfor Europas tredje største kjøpesenter - 2 minutt bortenfor metrostasjonen min. Senteret var så grotesk stort at det hadde åtte etasjar, med ein eigen berg og dalbane inni dei 4-5 nedarste etasjane, ein eigen "spaceshot", bowling, 13 kinosalar, 2 etasjar med restaurantar og alle dei internasjonale butikkjedane eg veit om (helst i fleire utgåvar inne i senteret). Sjølv om det kan vere praktisk å ha alle butikkar ein treng i nærleiken, var det kanskje ikkje det eg drøymte om då eg ville til Tyrkia.

Men i dag, på veg til metrostasjonen, oppdaga eg plutseleg at nabogata mi hadde forvandla seg til ein enorm sundagsmarknad. Med alle slags frukt, grønnsaker (dei største tomatane eg har sett nokon gong), klede, krydder, kjøkenutstyr, fersk (?) fisk og veldig mange lokale tyrkarar spredt over 15 kvartal, vart området plutseleg veldig interessant. 

Og på kjøkenet heime foregår det kulturutveksling på høgt nivå. For to dagar sidan lagde Enver, ei av dei eg bur med, ein form for tyrkisk bønnestuing med tyrkisk ris til alle tre - veldig godt. I går fulgte eg opp med heimelagde kjøttkaker i brun saus med kokte potetar og stekt lauk. Enver såg på matlaginga mi med stor interesse, og hevda ho skulle lage retten til kjærasten sin når han kjem frå Ankara neste veke. Artig.


 

torsdag 4. september 2008

Rommet mitt


Her er den eine sida av rommet mitt. På den andre sida er det vindu og to oransje/limegrønne lenestolar. I tillegg har det kome ein del tunge tremøbel (pult, kommode og bokhylle) og fleire limegrønne/oransje ting. Dei rosa tinga og Nemo-plakaten er ikkje der lenger. Litt pussig interiør, men generelt eit veldig stort, lyst og bra rom. 

onsdag 3. september 2008

Trine prøver seg på tyrkisk 1

Å lære eit nytt språk er ikkje alltid like lett. Akkurat no er utfordringa mi å lære nok ord
til å halde i gang ein relativt intelligent samtale. Og nokre gongar tyder ikkje alltid ord
det ein trur dei gjer. Det har ført til nokre pussige situasjonar:

Frå byrjinga av opphaldet:
Lærar: "Kor er venane dine?" Trine:"Dei er på veggen (duvarda)" (I staden for i leiligheiten (dairede).

Trine har gjort leksa si og trur ho har lagd setningen: "Eg drikk melk av glas (camtan)". Cam viste seg å tyde materialet glas, 
altså det ein lager vindu av. Melka høyrtes 
plutseleg ikkje så fristande ut lenger.

Og i går:
Eg var på eit alt for stort kjøpesenter for å kjøpe eit handkle.
For å få hjelp til å finne ein
butikk som sel det, gjekk eg til infoskranka: "Hei, eg vil
gjerne kjøpe eit basseng (havuz)". I staden for havla).
Feilen gjekk ikkje opp for meg før eg stod i kjellaren
av senteret, foran eit stort treningssenter med skiltet "Havuz"
og biletet av eit stort symjebasseng. Pinleg...

tirsdag 2. september 2008

Pussig tyrkisk ting 1: rumpetasker


Motemessig er Oslo og Istanbul relativt like. Ein merkeleg skilnad er derimot bruken av rumpetasker.

I Noreg ser ein sjelden folk gå rundt med denne praktiske, men 
stygge veska. I Tyrkia, både i Alanya og Istanbul, har eg
derimot sett utallige menn med rumpetaske på seg. Dei
har derimot ikkje taska om livet, men på skrå over 
hovudet og den eine arma. Altså litt som ei dameveske. 
Moten har blitt observert på både skikkeleg "arbeidermenn" 
og businessmenn i dyre dressar. Kanskje noko til
ettertanke for norske menn med
veskefrykt? 

mandag 1. september 2008

Heilt gresk

Omgrepet "det er heilt gresk for meg" fekk verkeleg synt sitt opphav i morges. 06.00 i morges (etter ein times soevn paa toget) vakna eg av at ein mann banka paa doera og snakka gresk. Det var ganske vanskeleg aa forstaa.
Eg gjekk av toget og stod plutseleg aaleine paa ein ganske oede togstasjon. Mannen i billettluka proevde aa forklare meg (paa gresk) vegen til byen. Det var ikkje saa lett. Eg proevde aa tyde skilta paa veggen, men bokstavene var ikkje like dei eg kan. Morgonen endte med ein lang gaatur...
Til slutt (07.45) var eg utanfor det tyrkiske konsulatet i sentrum av byen. Folka der var utruleg greie. Eg fekk nytt visum paa 40 minutt, pluss ein omvisning til to moskear og delar av gamlebyen. No ventar eg paa bussen attende til Istanbul. Om ting gaar bra, er eg heime i 8-tida.

søndag 31. august 2008

Rom i boks


Fekk endeleg rommet eg gjerne ville ha. Kjempeletta for det.


I tillegg har eg kjøpt biografien om Atatürk. Fint å ha på toget til Hellas.

lørdag 30. august 2008

Fantastiske Istanbul

Det fyrste døgnet i Istanbul har vore fantastisk.

Metro inn til byen i går kveld med utallige moskear opplyst av gatelyset. Hostell midt i mellom Aya Sofia og den blå moske, med utsikt til båe (og Bosporos!) frå takterassen.

Då får det berre vere at huseigaren min (Deria) ringte og sa at dei ikkje var sikre på om eg kunne bu der likevel. Grunnen til at eg fekk tilbodet i utgangspunktet, var at ei anna jente ikkje hadde betalt husleiga si. I dag synte det seg at ho hadde betalt likevel (men 2 veker for seint), og då visste dei ikkje om dei kunne kaste ho ut. Likevel inviterte dei meg bort, og eg blei tatt i mot med ein bamseklem av mora til Deria. Ho diska opp med frukost (te, su böregi (vatn-børek, veldig godt), ost og frukt), noko som likna på sviskegraut, kake og tyrkisk kaffi. Deria skal utveksle til Danmark i haust, men studerer eigentleg på mitt fakultet. Ho informerte meg om kva foreleserar og fag som er bra og dårlege. Veldig nyttig. Etterpå blei me sittande og diskutere tyrkisk og europeisk politikk i halvannan time. Følte meg veldig velkommen, og eg kryssar fingre og tær for at eg får bu der likevel. Får svar i morgon.

Etterpå var eg på ei anna visning hjå ei armensk-tyrkisk dame som ikkje kan engelsk, men fransk. Den leiligheita var bitteliten og mykje dyrare, så det blir ikkje så aktuelt. Dama var likevel veldig koseleg, og me gjekk ut på kafe og drakk te og prata.

I morgon reiser eg sannsynlegvis til Hellas med tog. Blei litt krøll med visumet, så må ut av landet for å søke igjen. Konsulatet sa det skal gå bra å fikse på ein dag. Då gjer det eigentleg ikkje så mykje, liker godt å køyre tog og sjå nye stadar.

torsdag 28. august 2008

Oppbruddsstemning

I morgon reiser me frå Mahmutlar. Sigurd reiser til Noreg for å pakke om til Irland, og eg reiser til Istanbul. Det er både trist og spennande på ein gong.
I går fekk eg endeleg husvere i Istanbul. Skal bu i kollektiv 10 min unna Taksim-plassen (retning universitetet) med to tyrkiske jenter. Verkar veldig flott.
Samtidig må eg skryte litt av universitetet mitt. Dei tar veldig godt vare på oss allereie. Ein eigen exchange-commission ordnar og fiksar så me får gjort det me ynskjer medan me er her. Om me vil, møter dei oss på flyplassen og følger oss dit me vil bu. På universitetet skal dei ha tyrkisk prate-gruppe og fotballkamp ein gong i veka. Og i helgene er det ekskursjonar til alle slags sjåverdige 
stadar. Og dei har "meet a buddy"-ordning, så me kan bli kjent med tyrkiske studentar. 

søndag 24. august 2008

Disco i Alanya


Alanya er eit paradis for discofolket. Den delen av sightseeingen hadde eg egentleg tenkt å hoppe glatt over, men i går kom me oss på disco, gitt.

Nevøen til vaktmeistaren vår, Ibrahim, reiser i militæret på måndag, og han inviterte oss med på avskjedsfest. Det innebar minibuss til "Club Havana" med retur 03.00 på natta.
Andre som reiste: 
  •  to vener av Ibrahim
  • ein nederlandsk, snobbete, men danseglad familie på 4
  • eit irsk, veldig triveleg ektepar i 50-åra som syntes disco var ein super ide
  • Sigurd og meg
Altså eit veldig pussig reisefølge. Club Havana viste seg å vere eit 3-etasjars diskotek med sigar-tema. Klubben hadde falske palmer, lettkledde turistjenter, flørtande tyrkiske gutar og to-tre utstillingstrappar, der dei ivrigaste kunne stå og danse og vise seg fram. Frå høgtalarane kom slager etter slager frå Beyonce og Justin Timberlake, ispedd litt techno. 

Irane byrja med ein gong med å spandere øl-rundar og danse smilande, og me hang oss på. Ein halvtime seinare var sjølvhøgtidelegheiten vår vekke og me nytta dei neste timane på å vrikke og danse oss veldig slitne. Føltes som ei tidsreise
attende til festane på ungdomsskulen. Trass dansegleden, var me veldig nøgde når me kunne ta ein taxi heim. 4 timar på disco var liksom nok...

fredag 22. august 2008

Fin tyrkisk ting 1: Dolmuş


Eit stilig fenomen her i Tyrkia er den offentlege transporten. Bussystemet er overraskande bra,
og på alle bussane står det "Halk otobusu" (folkebuss) og "Maşallah" (om Gud vil (les: går dette bra)).

Yndlingsbussane mine er Dolmuşane. Det er små, private bussar som går utan rutetid. Når
bussen er full, køyrer han.  Dette vert òg spegla i namnet, som kjem frå verbet "dolmak", som tyder å fylle. Dolmuş er fortid i "hvis"-form. Dolmuş tyder altså "Det er visst fullt". Fint namn.

Om nokon på vegen vil på, stoppar han. Om nokon på bussen vil av, stoppar han. Ingen faste 
stopp. Fullt demokrati og fin fleksibilitet for passasjerane.

Betalingssystemet er basert på tillit. Skal du langt kostar det 2 lira (8kr). Kort kostar 1 lira (4kr). Tradisjonelt er opplegget sånn at alle passasjerane sett seg på det framste ledige setet. 
Når du skal betale prikkar du personen framfor deg på ryggen og sender pengane dine fram til sjåføren med melding om kor mange passasjerar som skal med. Har du ikkje akkurat, sender
folk vekslepengane attende, sjølv om dei må gjennom 5 ledd. Om folk betaler når dei går av eller på er opp til dei.

Ordninga er altså basert på at folk tek andsvar for seg sjølv. Veldig fint...


torsdag 21. august 2008

Badeidyll i Ücagiz





Sidan sist har eg fått Lina, Daniel og Sigurd på besøk. Det er veldig, veldig stas og me fyller dagane med bading, heimelagd tzatziki, kebab og kortspel. Denne veka har me vore på ekskursjon til Ücagiz, ein bitteliten, kjempesøt fiskarby tre timar 
vest for Antalya. Den ligg like ved ein undersjøisk, lykisk by, som blei øydelagt av eit jordsjelv
for ca. 2500 år sidan. På turen fekk med leie ein båt av ein fiskar og sonen hans og fekk ein
super dag på sjøen med utsikt over mange flotte ruinar (under vatn), tur inn ei grotte, bading og besøk av Kaleköy, ein by utan vegforbindelse som har eit megastort lykisk slott. Her var det ingen masete turisthotell, berre rolege hostellar, så det var ein god pause frå maset i Alanya. 

Sidan sist har eg òg sagt opp læraren min. I fjerde time fann eg ut at han hadde eit ganske rasistisk
grunnsyn, og det var ikkje så triveleg. Så ting har ikkje akkurat gått etter planen. Satsar på at
helgekurs i tyrkisk i Istanbul vil hjelpe meir på språket etter kvart. No ser eg ein del film på tyrkisk, prater med folk og prøver å lese på eiga hand.