mandag 8. desember 2008

Iyi bayramlar!



Fyrst: gratulerer med dagen til fine kjærasten! Han er i Dublin med gode vener, noko som er fint å tenkje på (sjølv om eg gjerne skulle vore der).

Her byrja Kurban bayrami (eid) idag. Det har gitt ei ganske spesiell stemning i byen. Gatene er nesten tomme, dei fleste butikkar er stengte, og i dag var eg åleine i metro-vogna frå Taksim (hadde eg aldri trudd). I dag er dagen for slakting av dyr. Rike familiar slaktar ei eiga ku eller ein eigen sau, medan fattigare familiar går saman om eit dyr. I fattigare område er det vanleg å gjennomføre slaktinga på gata. Einar sa at "blodet rann" i gata hans idag. Ein tredel av dyret er det vanleg å gi til fattige, medan ein nyttar resten til å lage gode måltid med familien.

I helga har eg vore i Bursa! Det var ein veldig fin tur. Med på utflukta var Katharina (min gode nabo frå Tyskland), Gabi og Hannah frå Østerrike, Katarina frå Slovenia og Helene frå Frankrike. Bursa var den fyrste hovudstaden i det Osmanske riket og heimplassen til Iskender-kebap (nam!). Me var difor på gravene til både Osman, Orhan (dei fyrste to sultanane) og Iskender kebapci (Iskender-kebabmakaren). Karagöz, ei klassisk form for skyggeteater/dukketeater, stammar òg frå Bursa (sjå bilete). Mannen i Karagöz-museet var så snill at han lagde ei eiga forestilling for oss. Det var superstilig! Byen kunne òg by på mange fine moskear, mellom anna Ulu camii, som er på biletet over.

På kveldane var det backgammon-turneringar, tedrikking, 
øldrikking og kebabeting, noko som var ein super 
kombinasjon. Litt språkforvirring blei det, sidan me snakka 
både fransk, engelsk og tysk oss i mellom (ikkje at eg snakka 
særleg tysk, då). I tillegg møtte me både spanjolar og 
tyrkarar, noko som gjorde situasjonen rar, men artig, sidan alle kunne nokre språk kvar, men ingen
kunne alle. 

Frametter blir det lesing, lesing og lesing. Biblioteket er
stengt, så Einar og eg har rømt til Starbucks. Dei har
lesesalbord, speler roleg julejazz og maser ikkje om at me
må kjøpe meir enn ein kaffi, sjølv om me satt der fem timar i
dag. Litt surt å hjelpe Starbucks kvar dag med å skaffe verdsdominans, men orkar ikkje sitje heime, og dei er 
omtrent dei einaste som er opne...



Ingen kommentarer: