fredag 19. desember 2008

Bra teater


'Duvara karşı' (mot veggen), den prisvinnande filmen av tysktyrkiske Fatih Akın, har blitt sett opp som teater i Stockholm. I gaar kom dei paa turne til Istanbul.
I filmen snakkar skodespelarane baade tyrkisk og tysk, medan det i teaterstykket gjekk i 80% svensk og 20% tyrkisk. Dei svenske replikkane var teksta, sidan det er ei avgrensa mengde tyrkarar som kan svensk. Det funka kjempebra, og eg trur det er den beste teateropplevinga eg har hatt nokon gong.
Katharina var med, men sjölv om ho ikkje kan nokre av spraaka flytande, sa ho at det var ei flott oppleving. Cora, Barış, Einar og meg fölte at forestillinga var skreddersydd for oss.

Elles har det skjedd utruleg mykje sosialt i det siste, vore ute til langt paa natt kvar dag, med baade tyrkarar og andre utvekslıngsstudentar. Det er utruleg trist aa skulle reise naar eg merkar at eg berre blir meir og meir glad i denne byen og folka som er her. Difor er eg glad for aa skulle kome attende, sjolv om det berre er for eksamenar.

Men heilt framst i hovudet no er jul, Noreg, familie, Sigurd og vener! Fantastisk kjensle aa kunne kome heim snart.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Den filmen er topp! Forresten må vi drikke kaffi eller øl eller andre hyggelege drikkevarer :)

Trine sa...

JA, det er sant!
Sorry det seine svaret, men har gløymt å sjekke bloggen medan eg har vore heime. I morgon går flyet attende til Istanbul for eksamenar, men sluten av januar = bra tidspunkt for drikkeeitelleranna-deit. Og så satsar eg på å feire bursdag ein gong i dei tider, om du har lyst til å kome.