søndag 4. januar 2009

Attende

Istanbul igjen, denne gongen for to veker. Trur eg kjem til å henge over bøkene mesteparten av tida, så veit ikkje så mykje spennande eg vil å ha fortelje.

Jens har lagd ein fin plan for 2009 på bloggen sin. Det inspirerte. Lista mi er sånn:
  • Bu i Noreg og nyte det
  • Sakne Tyrkia (men ikkje så mykje at eg ikkje nyt Noreg framleis)
  • Trene meir (og om nokon vil vere med, delta i Sentrumsløpet)
  • Finne ein jobb
  • Finne bustad med Sigurd
  • Sjå fleire filmar, oppdage ny musikk, gå på teater og vere meir kulturell generelt (Sigurd og eg har snakka om å ha fast kulturkveld kvar veke, og Feroz og eg har snakka om franske kveldar. Så det er håp)
  • Bli ein betre sosialist
  • Skrive ting
  • Lage ein plan for kva eg skal finne på til hausten
  • Ta vare på folka kring meg
 

1 kommentar:

Jens Kihl sa...

Bra liste!

Det var berre det eg ville seie.