onsdag 7. januar 2009

Søvn, oljeledningar og land som sluttar på -stan


I morgon byrjar den store eksamensrunden. Men i staden for dei gode
gamle nervene og den siste innsatsvilja som plar dukke opp, har eg blitt
overvelda av lysten til å sove i staden. I går sov eg til langt ut på dag, og
både måndag og i dag hadde eg lange soveøkter på lesesalen. Pussig.
Det kan ha noko å gjere med at lesesalen er god og varm, teppe på golva,
stille, med god klassisk musikk på øyra. Dessutan er halsen eg fekk av
Sunniva og Stian til jul utruleg mjuk og god å sove på...

Ein annan faktor kan vere at pensumet er litt overveldande. Temaet
for i morgon er utanrikspolitisk teori generelt, og osmansk/tyrkisk
utanrikspolitikk frå 1774-i dag. Sidan dei tyrkiske klassekameratane mine
nok har eit anna utgangspunkt enn meg når det gjeld å kjenne tyrkiske
politikarar/hovudmoment gjennom historia, har det ført til ein god
del pugg. Som til dømes kva olje/gass-røyr kven ville skulle gå kor og
når (illustrert med kart over oljeledning over). Engasjementet mitt for akkurat den biten var ikkje så stor, diverre.

Ein annan artig del av pensum er Tyrkias forhold til alle dei landa
som oppstod etter Sovjet og sluttar på -stan. Azerbadjan byrjar gå
greiare, men land som Kazakhstan, Tajikistan, Uzbekistan, Kirghizstan 
er eg framleis heilt blank på. Ting går veldig sakte når ein ikkje har 
knaggar å dei feste dei på. Fint at biblioteket er godt å sove på, då.

2 kommentarer:

Trine sa...

Hehe, no kom eg på at Azerbadjan ikkje sluttar på -stan... Då er eg framleis blank, gitt!

Unknown sa...

For å hugse Uzbekistan kan du tenkje på denne songen (som går til melodien åt Monty Pythons Finland):

Uzbekistan, Uzbekistan, Uzbekistan!
The country where I'd like to be
with its mountains so lofty,
its elections so free.
Uzbekistan, Uzbekistan, Uzbekistan!
It's the country for me.