onsdag 14. januar 2009

I desse dagar

er det mange snåle utspel på norske nettaviser.

Mona Levin kallar Kåre Willoch antisemitt og seier at "hatet lyser 
ut av øynene hans når han snakker om Israel". Vidare seier ho at dette
kan føre til meir hat mot jøder. Fyrst av alt: eg er samd med Levin i at ein 
må skille mellom folk som stør det Israel gjer om dagen og jødar generelt.
Samtidig må ein skille mellom Hizbollah, Hamas, palestinarar, muslimar
generelt osb. Båe sider av debatten har ein jobb å gjere her i å velje ord med
omhu.
Men: eg er møkka lei av at folk som kritiserer Israel og det folkemordet dei
utfører skal bli kalla antisemittar! Eg drit i kva folk trur på, så lenge dei
ikkje drep ein annan. At Kåre Willoch er antisemitt, har eg vanskeleg for
å tru. Ein kan ikkje berre ta ein setning ut av eit resonnement  i ein 
radio-debatt og dømme ureflektert ut i frå det.

Finn-Erik Vinje seier han får vondt i øyra av å høyre på NRK om dagen.
Dei nyttar visstnok så stygt språk. Særleg ille er Kyrre Nakkim. Dette
er ikkje fyrste gongen Vinje er ute og hakkar på korleis folk
snakkar. Tidlegare har han kåra Østfold-dialekta til Noregs styggaste.
Ok: Det er fint å bry seg om språket i NRK (sjølvsagt!).
Men: å velje seg ein person og hakke på han for å demonstrere kva
som er stygt, er å gå langt over etiske grenser.
I tillegg: Målestokken Vinje nyttar for fint/stygt språk er ganske
marginal. Mitt intrykk av meiningane hans er riksmål =
vakkert, dialektknot = stygt (med mindre du kjem i frå
Voss, eller ei anna eksotisk høgstatusbygd langt nok unna
hovudstaden til ikkje å truge danna daglegtale).

Det var kveldens utblåsning: takk for meg.
(berre to sider igjen no, så er politisk sosiologi i boks. Treng
berre litt nettavis-pauser innimellom.)

1 kommentar:

Peer Gynt sa...

Hei, Trine, fin og grönn blogg du har, a gitt! Kommentar til utblåsinga: Willoch er jo ein godsleg liten skrukk. Eg vil i alle fall ikkje kritisere nokon for å tenkja det aller beste om folk. Det er også veldig fint for Jostein Gaarder at Hilde Henriksen Waage tar han i forsvar. Det trong ho ikkje har gjort, for eg ser ingen likskapar mellom kossen dei uttalar seg. Utan å gjera det personlig: Vaksne menneske i Noreg har eit noko spesielt syn på Israel - sterkt prega av bibelhistoria dei lärte på skolen. Eg har aldri hört HHW blande den inn i forskinga si. Gaarder gjer det. Willoch trur at religon og politikk höyrer saman, og han trur på Huntingtons Clash of Civilizations - dersom vi ikkje er snille nok. Det er sikkert godt meint, men nei, eg fattar ikkje kva relevans NRK ser i desse analysane til gammärn. Og demonstrasjonane: Diverre er nok eit av resultata ein meir utrygg for jödane i Skandinavia. Noregs regjering tykkjer eg handlar riktig overfor Israel. Overfor det norske folket tykkjer eg godt dei kunne vore litt meir belärande og fortalt folk at religon og politikk ikkje bör sausast saman. Kanskje ein kunne hyra MGK til nytt engasjement i Skandinavia??