lørdag 18. oktober 2008

Draum om heimlengsel

Dei siste dagane har eg lengta meir heim enn før, særleg etter det å ha Sigurd, familie og gode vener kring seg som ein kvardag. Eg trur det kan vere årsaka til draumen eg hadde i natt:

Mamma og pappa kom på overraskande vitjing, og med seg hadde dei bestemor og tante Inger frå Leksvika. Eg var veldig flau, fordi eg ikkje hadde rydda rommet, men blei likevel veldig glad for å sjå dei. Me drog på hurtigomvisning til mange av dei fine stadene i byen (pussig nok ingen trafikkproblem i Istanbul i draumen), før me drog attende til der eg bur. Der opna eg kjøleskapsdøra og finn heile kjøleskapet fylt med brunost.

Om nokon kan draumetyding, er det berre å ta kontakt....

4 kommentarer:

ebba sa...

jeg savner deg og Trine:)

Trine sa...

:) korleis går det med deg? Har du blitt frisk? Og kjem de heim til jul? Gler meg til januar!

ebba sa...

Jeg er frisk:)Og har det veldig bra. Men kommer ikke hjem til jul... har tenkt meg en tur til venezuela i steden for!

Trine sa...

Oi, så spennande! :) Høyres ut som ein bra plan. Korleis går det med Chavez om dagen? Høyrer ikkje så mykje frå han her i gården...

Bra å høyre at du er frisk!