tirsdag 14. oktober 2008

Pussig tyrkisk ting 2 - Tavuk göğüsü og andre dessertar


Tyrkia er eit land der mange har sansen for søte ting. I førre månad 
feira muslimane her ramazan (ramadan på norsk), og då kunne ikkje 
tilbodet på søtsakfronten noka ende ta. Mange som har vore på 
charterferie i Tyrkia har kanskje prøvd "Turkish delight" - det 
smakar som ein form for marshmellows med nøter/mandler/andre ting i. Eg har imidlertid ikkje sett det ein einaste gong her i 
Istanbul, så eg trur sjansen for at det er eit turistfenomen, på line 
med eplete (få eg har snakka med vil bli sett med det "skvipet"(
ikkje mine ord) i tekoppen), er nok stor. I heimen min går det 
derimot veldig mykje i baklava - ei sukker-og smørbombe av 
ei konfektkake som fort tar knekken på alt søtsug ein kunne ha.

Eit anna fenomen er puddingtilbodet her i landet. Dessertkarta 
flommar over av puddingar, særleg av dei som er basert på melk. 
Inntil laurdag hadde eg prøvd tre forskjellige typar av desse 
melkepuddingane, der den mest kjente går under namnet 
"Sütlac". Det var førebels ingen stor suksess, og eg 
måtte konstatere at både mammas riskrem (gler meg til jul!) 
og Tines rislunsj slår tyrkiske puddingmakarar ned i støvlane. 
Men på laurdag tok Sinem og Nevra meg med på konditori, og 
eg prøvde desserten "Tavuk göğüsü" - kyllingbryst. Det såg ut som 
ein ekstra fast melkepudding med kanel på (sjå bilete). Konstistensen var seig, og puddingen hadde ein 
del pussige, kvite trådar som gjorde han litt vanskeleg å spise. 
Smaken var imidlertid kanongod, og var særs nøgd med å ha funne 
meg ein ny, tyrkisk favorittdessert.

På måndag fortalte eg Cora om denne positive matopplevinga, og eg 
spurde om ho nokon gong har smakt Tavuk göğüsü. "Nei, eg er 
vegeterianar", sa ho. Det viser seg nemleg at desse merkelege, kvite 
trådane faktisk er kyllingbryst. På ein eller annan måte klarer
puddingmakarane å infiltrere delar av kyllingbrystet i puddingen 
utan at det verken synst eller smakast. Ganske ekkelt er det likevel, 
og eg er usikker på om eg kjem til å klare å ete den nye yndlingsdesserten 
min igjen...     

Ingen kommentarer: