søndag 19. oktober 2008

Politisk baluba

Det skjer mykje i tyrkisk politikk om dagen. Tyrkia slo Island ned 
i støvlene i går (dobbelt så mange røyster) og vart valt inn i 
Tryggingsrådet til FN.

På heimefronten er ikkje ting så lystige. Mediene generelt i landet 
er alle eigd av nokon med makt anten høgt i politikken eller 
hæren, alternativt nokon i næringslivet som samarbeider tett med 
ein av dei to fyrste. I fjor valte ei gruppe journalistar å gå ut frå
venstresideavisa Radikal av di dei ikkje fekk skrive kva dei ynskja.
Desse starta ei ny avis, Taraf (= side), som har fått ord på seg for å
vere det einaste frie medieorganet i landet. For nestan to veker sidan utførte PKK eit terroråtak aust
 i Tyrkia og drepte 17 soldatar. Onsdag valte Taraf, som einaste 
avis, å trykke foto, tatt av tyrkisk militærvesen, som syner PKK 
som førebur dette åtaket. Om fotoa er sanne, viser det at hæren
visste om åtaket på førehand og valte å ikkje gjere noko med det
(populær konspirasjon: for å få meir stønad i folket til
anti-terrorarbeid (!) og til militæret generelt). Dagen etter innkalla
ein av generalane i landet, Basbug, til pressekonferanse, der han
skjelte ut Taraf og tyrkisk media generelt. Dei fekk klar melding om
å passe seg. Eg snakka med ein tysk utvekslingsstudent den kvelden,
som driv ein del frilansarbeid til tysk media. Han hadde
vore på Tarafkontoret den dagen, der alle journalistane satt og venta
på at hæren skulle kome og stenge avisa. 
Taraf eksisterer framleis, men dei siste dagane har det vore heftig
ordkrig i media. Det positive er at dei andre mediene faktisk har
tatt sida til Taraf. Det negative er at statsminister Erdogan har tatt
sida til militæret.

To andre interessante notisar frå avisa i går:
  • Opposisjonsleiar for "Ungpartiet (GP)", Cem Uzan, blei for ei stund sida dømt for fornærming av statsminister Erdogan. Straff: les fem bøker om sinnehandtering og sjølvutvikling. Uzan anka og straffen vart redusert til to bøker.
  • Ankedomstolen har høve til å uttale seg i høyringsrundar om relevante saker. I går kom dei med framlegg om reduksjon i straff for voldtekt om offeret giftar seg med gjerningsmannen etterpå. I tillegg vil dei redusere straffa for voldtekt generelt, med forklaringa om at voldtektsofferet lid om gjerningsmannen blir sett i fengsel. Eg veit ikkje kva planet rettsvesenet i landet her kjem i frå, men dei er skikkeleg provoserande!

Ingen kommentarer: