lørdag 25. oktober 2008

Sensur og lat laurdag

Ein eller annan domstol i Diyarbakir valte i går å sensurere alle nettsider som ender på blogspot.com, utan å gi noka forklaring. Samtidig har youtube vore sensurert sidan i vår, på grunn av ein video som framstiller Atatürk som homofil. Dette er tydelege teikn på at ytringsfridomen framleis har ein god veg å gå her i landet. Har ikkje fått sjekka korleis reaksjonane har vore i media og hjå politikarane, men lover oppdatering.
Heldigvis finst det nokre snarvegar. Katharina viste meg i går nettsida vtunnel.com, som gjer det mogleg å gå inn på blokkerte nettsider anonymt. Så i dag kunne eg sjå youtubefilmar for fyrste gong på lenge...
Elles er eg litt forkjøla, har drukke mykje te og kaffi og sit og ser på regnet utanfor. Sigurd kjem om to dagar, så no prøver eg å gjere unna mest mogleg arbeid før ei lesefri veke. Det blir superduperfint.
I går såg Katharina og eg den danske filmen "Dark horse - voksne mennesker". Ho hadde kjøpt filmen på grunn av den fine framsida. Filmen var surrealistisk, fylt med vakre bilete og handlinga like fin som biletet utanpå. Spring og sjå!

4 kommentarer:

Ola Haugen Havrevoll sa...

Hei Trine, det er kjekt og interessant å lesa bloggen din! Kor lenge skal du vera i Tyrkia?

Trine sa...

Så bra!

Eg liker å lese din (sjølv om den frukostideen din gjorde meg litt skeptisk). Er du i Oslo om dagen? Kva driv du med?
Eg kjem heim i januar og gler meg til det. Då tykkjer eg me bør finne på noko. Er det ikkje halvanna år sidan sist, eller noko sånn?

Unknown sa...

Hei! Helt utrolig å høre om sensur av blogspot! Trodde ikke at det var sånn i Tyrkia, men vi skal visst være glade i vårt land som får lov til å blogge som vi vil :-) Du får prøve å lure deg inn via den andre nettsiden for å få lagt ut. Håper du har det bra. Veldig artig å gå inn på bloggen din og lese, så håper det kan fortsette. Stor klem

Trine sa...

Hei!
Takk for fine ord. :)
Forbodet vart oppheva nokre dagar seinare, heldigvis, så no er det fritt fram til blogspot.
Høyrer Stian har fått seg jobb. Stas! Vonar du òg har det bra!
Stor klem