torsdag 9. oktober 2008

Kultur!


No er eg eg klar for ei skikkeleg kulturhelg. Universitetet mitt har eit fantastisk
filmsenter på campus, som er litt som Cinemateket, berre gratis og betre. Kvar
kveld er det gratis filmvisning i kinosalen, og for eit depositum kan ein låne med
seg filmar heim. Senteret har 6000 titlar, og veldig mange av dei er internasjonale
klassikarar. Visste ikkje kor eg skulle byrje, så då blei
det ein regissør på A, Fatih Akin, og hans dokumentar "Crossing the bridge" om
musikk i Istanbul.

I morgon kjem det norske bandet "Helldorado" til Bogazici. Dei er frå Stavanger, og er så vidt eg veit ukjente i Noreg, men 
kjempestore i Tyrkia. Dei fleste songane deira har blitt omsatt til
tyrkisk, og greier.
Laurdag skal Nevra og eg på Salvador Dali-utstilling. Og sundag blir
det tur med
fjellgruppa til Erikli-vatnfalla, som de kan sjå på biletet. Alle desse er gode grunnar til ikkje å ta det så tungt om eg 
ikkje kjem meg 
gjennom alle dei 300 sidene eg burde kome meg i gjennom i løpet 
av helga...

2 kommentarer:

Bjarne sa...

Hei Trine.
Kultur i Tyrkia er interessant, men kva med stadnamn. Kva for nordmann er det som har lånt namnet sitt til vatnkilda Erikli. Eg antar at det skjedde før 1206, då værinngarda vart oppløyst.

Trine sa...

Hei
Interessant spørsmål. Kva er værinngarda for noko?
Eg aner ikkje kva opphavet til namnet eigentleg er, men eg veit at erik tyder plomme, og at -li er suffikset for "utstyrt med".
Så sannsynet for plommetre i nærleiken er kanskje stort?

Om du søkjer på "Erikli" på tyrkisk Wikipedia, kjem det opp ein heil haug med landsbyar. Erikli er òg namnet på eit av dei største vatnmerka i Tyrkia.

Konserten i går vart forresten avlyst på grunn av regn, så då blei det salsa med tyske Kathi og hennar tyrkiske venar. Konklusjonen var at oss nordeuropearar har ein jobb å gjere på rytmefronten. Men artig var det!