onsdag 15. oktober 2008

Sosialisme om natta


(Eg tar sjølvkritikk for at eg skriv mykje om universitetslivet og
lesing her på bloggen, skal prøve å bli flinkare til å skrive om andre
ting. Men nattas lesing har gjort meg så glad, at eg berre må skrive litt om det.)

I kveld har eg fullført Nancy Fracers artikkel "From Redistribution to Recognition?
Dilemmas of Justice in "Postsocialist" Age" frå 1997, ein av tekstane i faget
 "politics of identity".  Etter lange utredningar og fine skjema kjem ho med
ein fantastisk bra konklusjon: Det er størst sannsyn for å oppnå reell
rettferd for grupper som i dag er undertrykte under eit sosialistisk samfunn. 
 
Eg skal ikkje hevde at dette var ny kunnskap (heia SU!), men kult å lære om det på
universitetet.


2 kommentarer:

Vegard sa...

Trine!

Så kul blogg du har. Interessant og tidvis artig. Du skriv kanskje litt for lite om eple-te etter min smak, men elles er det utruleg mykje moro tyrkisk kulturkunnskap du kjem med.

Kos deg vidare i utlandet!

Trine sa...

Hei!

Takk for det! Artig aa hoeyre fraa deg. Korleis gaar ting paa blindern? Og har du ein blogg?