tirsdag 21. oktober 2008

Dyreliv


Universitetet mitt steller godt med dyra på området. Utanfor klasserommet der eg plar lese ligg det alltid tre-fire hundar og kosar seg i solsteika. Dei er alle lause, merka og veldig fine i pelsen. Dette muntrar meg vanlegvis opp, sidan laushundar (eller dingoar, som Sigurd seier) minnar meg veldig om turen til Latin-Amerika, og det er fint å sjå at dei kosar seg.
Medan hundane stort sett berre ligg der og er slappe, er kattene kongene på området.
Dei er på konstant jakt etter noko å ete på, trass i at dei tilsette plar setje ut mat i
trappene i nokre av universitetsbyggja. Matjakta deira fekk eg føle på kroppen i dag,
då eg valte å nyte lønsjen på grasplena saman med nokre av mine amerikanske medstudentar. Amerikanane hadde nettopp
vist meg ein stad eg kunne kjøpe ein stor porsjon med kyllingwok med nudlar utan å bli blakk, og eg kasta meg over maten, sidan det var fyrste gong på lenge eg fann noko mat med
østlegare opphav enn Tyrkia. Etter ei lita stund vart me omringa av katter frå alle kanter.
Til slutt låg det fire katter kring sirkelen me satt i, med fleire som krinsa i nærleiken.
Dei byrja bli litt vel innpåslitne, og ei av dei sette seg to cm unna meg og såg beundrande på dei gode 
nudlene mine. Me haldt praten gåande, og eg var midt i ein setning 
då den nærmaste katta hoppa opp og slo maten ut av hendene mine 
med poten. Det var den lønsjen!
Dei andre kattene kom springande for å nyte godene, men sjefskatta 
berre freste, klorte og slo så ho fekk nyte heile den deilige lønsjen 
min i fred. Veit ikkje om eg kjem til å vere så venleg innstilt til 
kattene etter dette...   


Ingen kommentarer: