mandag 22. september 2008

Slør på universitet

I dag hadde eg fyrste time - politisk sosiologi. Verkar kjempespennande, og professoren
var veldig dyktig. På veg til timen måtte eg gjennom hovudinngangen til universitetet.
Der er det tryggingsvakter som vanlegvis ikkje sjekkar noko som helst, men i dag var
politiet der og stogga alle jentene med slør som prøvde å gå inn. Tyrkia forbyr med
lov at kvinner med slør kan gå på universitetet, jobbe i staten og bli valt til parlamentet. Universitetet mitt er veldig liberalt og nektar å følge opp lova på eiga hand, men stoggar
ikkje politiet om dei kjem. Og i dag kom dei. Så på utsida av universitetet stod det 40-50 jenter med slør og kom seg ikkje inn til timane sine.

Professoren min var veldig provosert over dette, og ho sa at timane ville bli flytta ut av 
universitetsområdet og til ein kafe om ikkje politiet lot dei kome inn, sånn at dei kan få utdanning sjølv om dei har slør. Det tykkjer eg var ganske tøft.

Då eg var på veg heim i ettermiddag, hadde tydelegvis politiet gitt seg (nokre
trudde det var fordi pressa hadde dratt) og jentene kom inn. Det førte til eit
spontant opptog av studentar og applaus på heile universitetsområdet. Spesielt å 
vere med på. 

 


1 kommentar:

ebba sa...

heftig. tyrkisk politi hadde gjort Hege Storgaug stolt. Hadde vært fint med noen kommentarer om hva folk du møter i Tyrkia tenker om saken!
Klem fra Ebba