onsdag 19. november 2008

Gi din protest!

Tenestedirektivet er noko herk. Skulle veldig, veldig, veldig gjerne vore heime og demonstrert i morgon, men det er ikkje saa lett. Daa er det lettare aa fölgje oppmodinga til Jens og blogge mot i staden.

Lurer du paa kva tenestedirektivet er? Her ligg ei kort forklaring.

3 korte argumnt kjem her. Utdjuping finn du paa denne sida:
1. Tjenestedirektivet er usolidarisk
2. Tjenestedirektivet flyttar makt fraa folkevalte til byraakratar
3. Tjenestedirektivet gir meir sosial dumping

Mange av politikarane paa Stortinget seier dei er usikre paa kva tenestedirektivet vil tyde for arbeidstakarar i Noreg. Naar Arbeidarpartiet likevel vel aa koeyre paa, med 10 mot 9 roeyster i regjeringa, trass to parti som tek dissens, burde kanskje partiet velje aa skifte namn. Det er tydeleg at dei her ikkje har arbeidarane som sin fyrsteprioritet, heller EU-konformitet og nyliberalisme.

Har du hoeve i morgon, demonstrer!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Trine!

Visste ikkje at du hadde ein slik reiseblogg i denne fine bloggosfæren og greier. Korleis er la Tyrkien?

Trine sa...

Hei Sigrid! :)

Tyrkia er stort sett veldig fint. I kveld lar eg irritasjonen dominere litt mykje, der både trafikk og partiet ditt står i fokus, men generelt er dagane veldig fine.

Korleis er Oslo?