tirsdag 25. november 2008

Noreg <3


Eg blir patriot av å bu i utlandet. Det har fått nokre uvante utslag.
Til dømes jubla Halldis og eg då Araf, som er verdas beste stad å
danse på, spelte "Beggin" i staden for den tyrkiske/latino-musikken
dei pleier å spele. Denne veka er kronprinsen i landet, og det får 
meg til å sjå ekstra etter i avisene for å sjå om dei skriv noko om 
vitjinga. Heime er ikkje kongestoff den heitaste delen av avisa.
Og då bussjåføren spelte Aha for ei stund sidan, klarte eg ikkje
gjere noko anna enn å smile.

I dag, då eg var ute på lønsj med Katharina og østerrikske Hanna,
då adanakebaben var spist og teen drukke opp, tok Hanna
plutseleg noko opp frå veska si: ein eventyrsjokolade frå Freia!
Ho hadde nemleg bursdag førre veke, og ei norsk, veldig
omtenksom venninne sendte norsk melkesjokolade som gåve.
Hanna delte systerleg, og smaken var minst like god som eg hugsa
han. Kva er sjansen for at noko sånn skal skje? Humøret mitt
var i alle fall redda.

Sist, men ikkje minst, så kjem mamma og pappa på torsdag. Eg
gler meg! Og dei har lova ta med både brunost, julekalender og
gløgg.

Trur det er bra eg skal heim om ikkje så lenge, så patriotismen
kan roe seg litt...

4 kommentarer:

Ola Haugen Havrevoll sa...

Ja, brunost i utlandet er so godt!

ebba sa...

Ja, jeg har hvertfall aldri vært så patriotisk som dette halvåret. Jeg bruker spansktimene til å skryte av sosialdemokratiet Norge, med en liten baktanke om å fortelle alle amerikanerne at en litt annen verden er mulig. Det er derimot dårlig med melkesjokolade her, men Andreas har tatt med en flaske Akevitt fra Norge. Så da er det ingenting mer jeg savner fra hjemlandet...

Jens Kihl sa...

Eg kjenner indre jubel når dei speler A-ha på radioen her i nOreg òg, samstundes som eg irriterer meg over låtvalet.

Trine sa...

Bra det ikkje berre er eg som er sær, då. :)