mandag 10. november 2008

Lite rettferd i bakgården

I bakgården min er det eit stort hol, sannsynlegvis etter ei
blokk som har stått der før. Der er det no ein stor byggjeplass,
som har vore der sidan eg flytta inn i september. Ved sidan 
av står det eit lite brakkebygg. Eg hadde ikkje tenkt på kva
som fantes i det lille bygget, før Nevra fortalte for nokre veker
sidan at det er heimen til arbeidarane på byggjeplassen. Eg 
kan ikkje innbille meg at det er plass til meir enn senger og 
eit enkelt kjøken der inne.  Sjølv har eg aldri snakka med 
dei, men i følgje Nevra er dei sannsynlegvis frå aust. Arbeidsløyse 
eller låg løn heime har sendt dei til Istanbul for å jobbe. Desse 
får lågare lønn enn andre arbeidarar og openbart elendige buforhald. 

Arbeidsdagane er heller ikkje 9-4. På dagane er det heilt stille her,
men ofte i 22/23-tida på kvelden høyrer eg ofte at gravemaskinene
byrjar arbeidet sitt. Dei kan òg finne på å byrje i 7-tida på ein sundag
morgon. Min teori er at desse arbeider på fleire stader samtidig, og
at arbeidsdagen difor er mykje lenger enn eg kan sjå frå vindauget mitt.

Å sjå fattigdom på så nært hald er ubehageleg, men eg trur absolutt det 
er viktig. Nyliberalisme tvinger folk over heile jorda til å flytte og arbeide 
under elendige kår for å få kvardagane til å gå rundt. Treng
ikkje sjå lenger enn til Langemyhr-saka heime i Noreg for å få eit døme
på det. 

Synleggjering av eit problem flyttar oss nærmare ei løysing, men det 
garanterer inga god løysing. Ei av professorane mine er prinsippielt 
kritisk til veldedigheit, av di det gir overklassen godt samvit utan å
fjerne årsakene til ulikskapen. Sigurd og eg diskuterte dette 
dilemmaet ein del då han var her. Korleis kan eit enkeltindivid arbeide 
mot fattigdom og den altoppslukande nyliberalismen?

Det klassiske svaret er sjølvsagt politisk organisering for radikal 
endring av systemet. Og eg stiller ikkje spørsmål ved det. Men i eit meir
kortsiktig perspektiv, (før den raude revolusjonen kjem :)), kva skal
kvinna i gata gjere (som i dette tilfellet er meg)? Skal eg gi pengar til
ungane som tigg på vegen til supermarknaden? 

Etisk rådgivnad hadde vore fint...  

4 kommentarer:

ebba sa...

Hm. godt spørsmål. Har samme problemet selv, og har valgt å løse det ved å holde selvforsvarskurs for mødrene til gatebarna. Det var ikke lett, men veldig spennende, og håper jeg har lært bort noe som varer litt lenger enn en femmer. Om jeg ikke kan skape revolusjon kan jeg i det minste utdanne folk til å kjempe for den. Kanskje du kan jobbe som engelsklærer et sted?

Bjarne sa...

Hei Trine.
Arbeidarane har det ekstra vanskeleg, for i tillegg til å vera svake i marknaden, så er dei ekstra svake av di dei ofte arbeider for "familiegruppen" kor ein patriark bestemme kor dei skal arbeide, og kva dei skal sitte att med av løna si til slutt. Dei føydale trekka på landsbygda i Tyrkia gjer det vanskeleg å kunne opptre som enkeltståande arbeider.
Eg håper at det ikkje vert nokon revolusjon i Tyrkia, men reformane må komme, og dei må gå i positiv retning. Svaret for arbeidarane er å byggje ei fagrørsle, med tariffar, hovedavtaler og forhandlingskraft. Då vert det sett eitt akarpare lys spå arbeidsforhold, noko som kan trenges. Motkreftene er sterke, men ei fri fagrørsle kan bidra til reformer. Me får vona at Tyrkarane kjeme i gang og går di den retninga.
Pappa

Trine sa...

Takk til båe for svar. :)

Ebba: Tøft! Og godt tips. Eg veit lite om korleis eg skal gå fram for å få til noko sånn, men eg veit at det er mogleg å lese inn lydbøker på engelsk for blinde studentar på universitetet frivillig. Det er i alle fall noko, sjølv om det ikkje gjer så mykje direkte for arbeidarane i bakgården.

Pappa: eg veit lite om dei føydaltrekka du snakkar om. Det må eg undersøke meir. Men eg veit at få tyrkiske kvinner er i arbeid (kring 25%), og at det sjølvsagt aukar presset på mennene som arbeider, og av den grunn må mette fleire.

Fagrørsle er bra. Det har du rett i. Diskuterte emnet med Katharina i går, som kanskje skal forske på fagforeningar til våren. Ho seier at Tyskland, som tidlegare har hatt sterke fagforeningar, går i større og større grad i retning av ein amerikansk modell, med fleire små (og konkurrerande) organisasjonar, framfor få og store. Sannsynlegvis (om ein tør å bruke det som forklaring på kvifor stoda er som ho er i USA) svekkar det arbeidarrettane, framfor å styrkje dei. Korleis vil dette påverke Tyrkia, som treng fleire/sterkare fagforeningar?

Samtidig er eg veldig pessimistisk med tanke på rommet for organisering av arbeidarar når arbeidsløysa er så høg som ho er, og det internasjonale presset frå nyliberalismen er så stort. Men eg trur likevel du har rett.

Bjarne sa...

Føydalsystem
Tyrkia har vel inga rest av føydalherrar, men dei har ein rest av grunnpilaren i føydalsystemet, familiegrupper.Familiegruppene er patriarkalske i sin natur, og systemet gjelder som forsikring for familiemedlemmene, og det vekar og effektivt for å dominera sitt eige fag/industri/tjenesteområde innan ein sektor. Dei beskyttar og familiemedlemmer mot undertrykking. I vårt bilde av staten er dette offentlege oppgaver, og kjernefamilien skal klara seg sjølv, og individane vert beskytta av staten.
Eg trur at denne strukturen er den viktigste stopparen for frigjering av kvinnene, så lenge deira livsutfordring er å stella for sin storfamilie, så har dei eitt yrke, dei får respekt internt når dei utøvar yrket. Slik har det vore i Spania/Italia/Frankrike tidlegare, men låge barnetal knekker no den strukturen med eitt brak. Eg trur at Tyrkia vil oppleva den same utviklinga, og det nye inntoget av kvinner i arbeidslivet gjer at nokre av dess strukturane forsvinne