lørdag 8. november 2008

Rundvask

I går kveld kom foreldrene til Sinem på vitjing. Dei er veldig søte,
venlege og inkluderande. Kvart måltid inviterer dei meg med. Det gir nokre utfrodringar kring når ein skal takke 
ja og nei, og kva som er høfleg å gjere. Cora seier at det er lurt å tenkje 
på å gjere noko gjestfritt attende i desse samanhengane, og det 
trur eg ho har rett i. Kanskje får eg lage ei eplekake i morgon.
Sist mor til Sinem kom, byrja ho med å rundvaske heile leiligheita.
Og då eg vakna i dag var ho i full gong med det å gjere det same igjen. Veldig hyggeleg, men òg litt kleint. Eg er ikkje glad i vasking,
men merker likevel at det føles veldig feil at andre skal gjere det for meg.
Trur eplekake er løysinga for å få dette til å kjennes bra...

2 kommentarer:

Bjarne sa...

Hei Trine.
Det er heilt greitt om dei vaskar kring deg, men eg skjønar at det ikkje er noko du er van med, eller? Dei vil berre gjera det triveleg for dotter si og dei ho bor saman med, men med ei eplekake vert alt bra.
Pappa

Trine sa...

Du har nok rett i det..:)