torsdag 21. august 2008

Badeidyll i Ücagiz





Sidan sist har eg fått Lina, Daniel og Sigurd på besøk. Det er veldig, veldig stas og me fyller dagane med bading, heimelagd tzatziki, kebab og kortspel. Denne veka har me vore på ekskursjon til Ücagiz, ein bitteliten, kjempesøt fiskarby tre timar 
vest for Antalya. Den ligg like ved ein undersjøisk, lykisk by, som blei øydelagt av eit jordsjelv
for ca. 2500 år sidan. På turen fekk med leie ein båt av ein fiskar og sonen hans og fekk ein
super dag på sjøen med utsikt over mange flotte ruinar (under vatn), tur inn ei grotte, bading og besøk av Kaleköy, ein by utan vegforbindelse som har eit megastort lykisk slott. Her var det ingen masete turisthotell, berre rolege hostellar, så det var ein god pause frå maset i Alanya. 

Sidan sist har eg òg sagt opp læraren min. I fjerde time fann eg ut at han hadde eit ganske rasistisk
grunnsyn, og det var ikkje så triveleg. Så ting har ikkje akkurat gått etter planen. Satsar på at
helgekurs i tyrkisk i Istanbul vil hjelpe meir på språket etter kvart. No ser eg ein del film på tyrkisk, prater med folk og prøver å lese på eiga hand.   

1 kommentar:

Trine sa...

Uff, det formatet blei teit, og mange ord forsvann.

Presisering: me har vore på ekskursjon til småbyen ücagiz.

Og læraren min var ganske rasistisk av seg.