fredag 22. august 2008

Fin tyrkisk ting 1: Dolmuş


Eit stilig fenomen her i Tyrkia er den offentlege transporten. Bussystemet er overraskande bra,
og på alle bussane står det "Halk otobusu" (folkebuss) og "Maşallah" (om Gud vil (les: går dette bra)).

Yndlingsbussane mine er Dolmuşane. Det er små, private bussar som går utan rutetid. Når
bussen er full, køyrer han.  Dette vert òg spegla i namnet, som kjem frå verbet "dolmak", som tyder å fylle. Dolmuş er fortid i "hvis"-form. Dolmuş tyder altså "Det er visst fullt". Fint namn.

Om nokon på vegen vil på, stoppar han. Om nokon på bussen vil av, stoppar han. Ingen faste 
stopp. Fullt demokrati og fin fleksibilitet for passasjerane.

Betalingssystemet er basert på tillit. Skal du langt kostar det 2 lira (8kr). Kort kostar 1 lira (4kr). Tradisjonelt er opplegget sånn at alle passasjerane sett seg på det framste ledige setet. 
Når du skal betale prikkar du personen framfor deg på ryggen og sender pengane dine fram til sjåføren med melding om kor mange passasjerar som skal med. Har du ikkje akkurat, sender
folk vekslepengane attende, sjølv om dei må gjennom 5 ledd. Om folk betaler når dei går av eller på er opp til dei.

Ordninga er altså basert på at folk tek andsvar for seg sjølv. Veldig fint...


Ingen kommentarer: