fredag 23. januar 2009

Takk for meg (og to strekar under svaret)

Tyrkia er over for denne gongen. Her kjem ei lita konklusjon:

1) Tyrkia er fantastisk. Sjølvsagt må eg seie det, men det er faktisk noko eg føler. Det er ganske fint.

2) Dei fleste tyrkarane eg har blitt kjende med har vore utruleg opne, varme, gjestfrie og inkluderande. Klisje? ja. Klissete? ja. Men det er ganske kjenneteiknande for korleis eg føler eg har blitt tatt i mot. Utruleg fint at folk alltid vil spandere ein te, by på litt mat eller hjelpe deg om du treng det.

3) Bogazici er eit utruleg bra universitet med veldig spennande fag,fin utsikt, mange rare dyr, flinke studentar og litt vel høge arbeidskrav i blant.

4) Tyrkisk dans, eller rettare sagt, dansing i Tyrkia, er best! Tilrådd musikk: Selim Sesler!

5) Avisene i landet er overfylte med politikk. Det skjer noko spennande heile tida. Ofte er ein del av desse tinga negative, som Ergenekon-saka eller kjip stode for kurdarar, men det som er positivt er at det blir snakka høgt om og diskutert. Me har noko å lære: Politikk opp og fram i avisene! Lære meir om ei av dei store sakene i Tyrkia om dagen? Les her: http://www.dagbladet.no/2009/01/19/magasinet/utenriks/rettssak/politikk/tyrkia/4438418/

6) Trafikkreglane og fartsgrensene kunne i større grad blitt fulgt

7) Tyrkisk tv er veldig dominert av reklame. Og på kino har dei pause midt i, så du kan gå og kjøpe meir popcorn.

8) Te er bra

9) Dessertlaurdag var eit lurt konsept

10) Elver/stred i store byar = viktig for trivsla

11) Nokre gongar er det skikkeleg kjipt å lengte heim (eller til Irland). Då er det utruleg kor glad ein kan verte av ting ein aldri hadde tenkt over heime, som den gongen eg kom i prat med naboungane som leika utanfor huset og fekk snakka mykje tyrkisk og ledd med dei. Små, fine ting vert større då.

No skal eg ut og treffe storebror, så det blir det.
Takk for meg!

mandag 19. januar 2009

Oslo!

No er eg heime igjen. Skal puste litt, før eg kjem med ei konkluderande oppsummering om ein dag eller to.

fredag 16. januar 2009

Mange kjensler på ein gong-kjensla

Før eg reiste heim på juleferie sette eg ny rekord i kjensler på ein gong.

No har eg det sånn igjen. Måndag går flyet heim. Vanskeleg å lese om tysk historie då...

onsdag 14. januar 2009

I desse dagar

er det mange snåle utspel på norske nettaviser.

Mona Levin kallar Kåre Willoch antisemitt og seier at "hatet lyser 
ut av øynene hans når han snakker om Israel". Vidare seier ho at dette
kan føre til meir hat mot jøder. Fyrst av alt: eg er samd med Levin i at ein 
må skille mellom folk som stør det Israel gjer om dagen og jødar generelt.
Samtidig må ein skille mellom Hizbollah, Hamas, palestinarar, muslimar
generelt osb. Båe sider av debatten har ein jobb å gjere her i å velje ord med
omhu.
Men: eg er møkka lei av at folk som kritiserer Israel og det folkemordet dei
utfører skal bli kalla antisemittar! Eg drit i kva folk trur på, så lenge dei
ikkje drep ein annan. At Kåre Willoch er antisemitt, har eg vanskeleg for
å tru. Ein kan ikkje berre ta ein setning ut av eit resonnement  i ein 
radio-debatt og dømme ureflektert ut i frå det.

Finn-Erik Vinje seier han får vondt i øyra av å høyre på NRK om dagen.
Dei nyttar visstnok så stygt språk. Særleg ille er Kyrre Nakkim. Dette
er ikkje fyrste gongen Vinje er ute og hakkar på korleis folk
snakkar. Tidlegare har han kåra Østfold-dialekta til Noregs styggaste.
Ok: Det er fint å bry seg om språket i NRK (sjølvsagt!).
Men: å velje seg ein person og hakke på han for å demonstrere kva
som er stygt, er å gå langt over etiske grenser.
I tillegg: Målestokken Vinje nyttar for fint/stygt språk er ganske
marginal. Mitt intrykk av meiningane hans er riksmål =
vakkert, dialektknot = stygt (med mindre du kjem i frå
Voss, eller ei anna eksotisk høgstatusbygd langt nok unna
hovudstaden til ikkje å truge danna daglegtale).

Det var kveldens utblåsning: takk for meg.
(berre to sider igjen no, så er politisk sosiologi i boks. Treng
berre litt nettavis-pauser innimellom.)

tirsdag 13. januar 2009

Tidsproblem


Akademisk sett er eg i ei tidsklemme. Aldri har det vore meir å gjere på kortare tid. Det er kjipt nok i seg sjølv. Samtidig er det no mindre enn ei veke att, og eg har mange å seie ha det til, og ein del ting eg kunne tenkt meg å gjere før eg drar. Det kan halde hardt.

Plan:

Torsdag: Innlevering 10-siders oppgåve politisk sosiologi. Status: 3 sider er skrivne, mange tankar tenkt.

Fredag: Eksamen i Midtausten. 1800 deilige sider. Status: 200 har eg ikkje har lest enno, men dei er ganske aktuelle (dei er alltid så snille at dei spør om noko som er i tekstane, som ikkje har blitt sagt i timen, for å sjekke at me les... Snilt!)

Laurdag morgon: Eksamen i tysk politisk historie. 1500 sider. Status: 300 igjen.

Laurdag ettermiddag: Innlevering 3 siders oppgåve (dobbel lineavstand) i politikk og kultur. Han vil at me skal flette inn Bourdieu, Marx, Gramsci, Adorno, Weber og generell teori om nasjonalisme på desse 
tre sidene. Mogleg? nei. Idiotforelesar? Ja. Status: blank

Laurdag kveld: Handle dei siste suvenirane, hamam, hadet-øl på kvelden. Status: gler meg

Sundag formiddag: pakke, vaske. Status: gler meg ikkje

Ettermiddag: ha det-brønsj, sidan ganske mange ikkje kan kome på laurdag kveld. Status: blir fint!

Måndag: fly heim, om Riga. Innleveringsfrist til Argument. Status: tankar tenkt, men lite gjort

Tysdag: innlevering 10 sider identitetspolitikk. Status: 2,5 side, mange tankar tenkte

Torsdag: innlevering 10-15 sider tysk politisk historie. Status: fullstendig blank

søndag 11. januar 2009

Ekkelt


Nokre gongar er ikkje verda til å skjønne. Israel-Palestina-konflikta er sånn no. Eg fattar ikkje kvifor Israel gjer som dei gjer, og eg fattar ikkje kvifor det ikkje stoggar snart, israelsk val eller ikkje.

I dag har eg lest om den andre intifadaen i utdrag av boka "The Palestine and the Arab-Israeli Conflict: A History with Documents" av Charles D. Smith. Om du ikkje har skjønt kven som er skurkane i denne konflikta, bør den boka vere verdt å sjekke ut. Bill Clinton, norske, sjølvgode fredsmeklarar, Ariel Sharon og Ehud Barak kan berre gå og leggje seg...

(Men: ein positiv ting: tyrkisken går framover. Faren til Sinem kom i går, og han kan ikkje engelsk. I går kveld diska han opp med dessert frå heimbyen Balikesir (sukkersøt kake med krem av bøffelmelk i midten, spesielt, men godt..) og tyrkisk kaffi medan Sinem leste til eksamen. Me snakka i to timar, berre på tyrkisk, om Midtausten, Tyrkia, Noreg, innvandring osb. Spennande og bra for språkkjensla å få sånne samtaler rett før heimreisa.)

fredag 9. januar 2009

Bart på tyrkisk II




Blei litt krøll med det førre innlegget.

I Tyrkia er ikkje ein bart berre ein bart, men eit uttrykk for kor du står politisk. I følge ryktene kunne barteval vere årsak til åtak frå framande på gata då den politiske polariseringa var som verst på 1970-talet. Eg har prøvd å orientere meg i landskapet, men garanterer ikkje at alle illustrasjonane er korrekte:

Nasjonalist på høgresida: Fullt utvokst bart, som går litt nedover på sidene der leppene sluttar (jf. nest øvste bilete. Denne illustrasjonen blir litt svekka som prov ved at det står "Kurdistan" i hjørnet. Trur uansett at barteformen stemmer)

Politisk islamist: klassisk, tynn, kort, børsta bart. Klassisk døme: tidlegare statsminister Necmettin Erbakan (= mannen i dress over).

Venstreside: Fullt utvokst bart som nestan når ned til underleppa. Ofte kombinert med vilt skjegg (jf øvste biletet).

Arbeidar i det offentlege: kortklipt og rett (for å unngå islamistiske tendensar i den sekulære staten)

Soldat: ingen (ikkje lov, må vere sekulære)

Kvinner: Protesterer mot uttrykket: "No moustache, no place in politics!"

Ikkje rart dei har frisørar og barberarar i kvart einaste kvartal i dette landet. Vil du lese meir? Her er foredraget Hairy politics: hair rituals in Ottoman and Turkish society:
http://users.esc.net.au/~nhabel/lectures/aykut.pdf